Sykepleier
Skjåk Kommune
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar på Skjåkheimen sjukeheim
Skjåk kommune har ledig 100% stilling som sjukepleiar.
Stillinga er for tida på tenesteområde Skjåkheimen sjukeheim i 3-delt turnus med arbeid 3. kvar helg. Det vil vere moglegheit til å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til langvakt på vekedagar. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar- ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid.
Sjukepleiestudentar kan og søkje på stillinga.
Arbeidsområde
Skjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar. Her er det både korttidsplassar, langtidsplassar og rehabilitering. Vi vektlegg gode pasientforløp med eit fagleg fokus for å sikre kvalitet og tryggleik i tenestene. Sjukeheimen har høg fagleg kompetanse og arbeider målretta for å gjennomføre ulike prosedyrar og oppgåver lokalt. Dette er særleg viktig sidan vi ligg langt frå sjukehus.
Det er nær samhandling mellom heimetenesta, sjukeheimen og legetenesta. Vi har ei målsetting om å vere ein sjukeheim der både bebuarar og tilsette skal trivast i kvardagen.
Skjåk kommune har godt utbygd heimesjukepleie og praktisk bistand, og har gjennom fleire år satsa målretta på å utvikle omsorgsbustader med sentral beliggenheit. Heile 14 av desse bustadane er integrerte i same bygg som sjukeheimen, noko som legg til rette for tett samarbeid og god kontinuitet i tenestene. Skjåkheimen og heimesjukepleia har felles nattevaktsteam, der 2 er stasjonert på Skjåkheimen og 1 i heimesjukepleia.
Andel tilsette med fagutdanning er høg. Skjåk kommune prioriterer lokalt og interkommunalt utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar
Førarkort klasse B
Godkjent politiattest
Anna relevant kompetanse kan bli vurdert dersom det ikkje skulle kome søkjarar med autorisasjon som sjukepleiar.
Vi vektlegg at du
er fagleg engasjert.
har gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.
er initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet.
bidreg aktivt til eit god arbeidsmiljø.
er fleksibel, lojal og er ein lagspelar.
arbeider for å oppretthalde kvardagsmeistring hjå brukarane.
viser fleksibilitet i høve til omstillingar, er løysningsorientert og kan prioritere i ein travel kvardag.
samarbeider med samarbeidspartar som; pårørande, Skjåkheimen, legevakt og spesialisthelsetenesta.
har evne til å arbeide strukturert og målretta
har god norskkunnskap, munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1).
har generell forståing for bruk av informasjonsteknologi.
dokumenterer i høve til lover og forskrifter.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
Pensjonsordning i KLP
Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobiltelefon 489 97 924.
Vi har fortløpande opptak på stilling som sjukepleiar.
Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.
Kommunedirektøren
Ferdigheter
- Dokumentering og registrering av informasjon
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Moavegen 30, 2690 Skjåk
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sjukepleiar, sjukeheim, Skjåk, turnus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447065966
- Sist endret