Reinhaldsarbeider Åse Hotell
Åse hotell, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 6.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst til å bli ein del av kvardagen ved Åse Hotell – pasienthotellet i Ålesund?
Vi har ledig 50% fast stiling som reinhaldar frå 2. mars 2026.
Åse hotell er ein liten og koseleg arbeidsplass med godt miljø. Har du lyst på ein variert kvardag saman med trivelege kollegaer, kan du vere den vi ser etter!
Dette er ein meiningsfull jobb der du er med på å skape tryggleik og trivsel for pasientane. Hos oss møter du både pasientar frå ulike avdelingar på sjukehuset, dei som kjem til poliklinisk behandling, og andre gjestar. Det er ein fordel om du har erfaring med reinhald frå helsevesenet. Du jobbar berre på dagtid. Vi har drift måndag til fredag, og hotellet er stengt i helger og høgtider. Sidan vi er ein liten arbeidsplass, treng vi fleksible folk – det er derfor fint om du kan ta ekstravakter når det trengst.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald og klargjering av hotellrom
- Reinhald og rydding av fellesareal
- Vare- og tøybestilling
- Smittevask
- Vask av vindu og nedvask
- Vask av tekstiler
- Hjelpe andre yrkesgrupper på hotellet, f.eks med kantinearbeid, sentralbord, følge pasienter til behandlingsted mm
Kvalifikasjonar
- Erfaring eller utdanning innan reinhaldsarbeid, gjerne innan helsesektoren
- Fagbrev innan reinhald
- Kjennskap til hygienekrav og smittevernrutinar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftelig
- Grunnleggande IT kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vi søker deg som vil vere med på å utvikle hotellet vidare
- Du er positiv, god på samarbeid
- Du kan jobbe sjølvstendig og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er nøyaktig og fleksibel
- Du er utadvendt, serviceinnstilt og trivast i eit lite miljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Julianne Reitan Hagerup, Seksjonsleiar, +47 41310694, Julianne.Reitan.Hagerup@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 76017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5064244031
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 02.03.2026
Søknadsfrist: 06.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447061286
- Sist endret

