Maskinsjef Hatvik-Venjaneset
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 18.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Hatvik-Venjaneset, p.t. MF Årdal.
Skiftordninga på dette sambandet er 1 døgn på og 1 døgn av i tre veker, etterfulgt av tre veker fri. Dette gir ein fleksibel kvardag med berre 86 arbeidsdøgn i året. Ein bør bu innanfor rimeleg reiseveg til Hatvik eller Venjaneset, då rederiet ikkje har bufasiliteter på fridøgn.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
MF Årdal blei bygd i 2008, og i 2020 blei ho oppgradert og bygd om til hybrid, der batteri er den primære energikjelda for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Vi ansetter fortløpende.
Kun ca 35 minutter fra Bergen!
Arbeidsoppgåver
Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
- Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trivst med å leie og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
- Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
- Et godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Treningsrom om bord.
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter og gode rabattordnigar.
- Skiftordning: Døgnskift, 3 veke på, 3 veke av.
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
Hatvikvegen 52005211 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5067548429
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447037162
- Sist endret
