Faste helgestillinger - Helsefag og assistent - Lindås heimeteneste
Alver kommune
- Frist 9.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Me har ledig faste helgestillinger som helsefagarbeidar og assistent. Arbeidet er i todelt turnus, i snitt kvar 3 helg. Me ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller som er i utdanning innan helse-og omsorg. Om du ikkje har erfaring men interesse for faget kan du og søkje!
Arbeidsoppgåver
Som tilsett hos oss skal du hjelpe brukarar med personleg hygiene, på- og avkledning, måltider og oppfølging av vedtak. Du skal samarbeide tett med gode kollegaer og bli kjent med brukarar med ulike og varierte hjelpebehov. Heimetenesta gjev hjelp etter vedtak, samstundes har helsepersonell ansvar for å fortløpande kartlegge endra funksjonsnivå og gje hjelp etter kvar enkelt brukar sitt behov. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Om avdelinga
Heimetenesta i Alver er delt inn i 7 geografiske områder der Lindås heimeteneste er lokalisert sentralt på Lindås. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team som består av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Avdelinga har ca. 23 årsverk og gjev tenester til brukarar som bur på Lindås og i bygdene rundt. Lindås heimeteneste kan tilby eit godt arbeidsmiljø. Me er ei avdeling i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.
Kvalifikasjonskrav
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Førarkort klasse B
- Fagbrev som helsefagarbeider - evt student i sjukepleie eller vernepleie
Kven er du?
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt før tilsetting: Me ynskjer at du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritera i ein travel kvardag, og du trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Me ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og til å skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er trygg, fleksibel og løysingsorientert.
Me tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Me er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneAnnonseinformasjon
- FINN-kode 446937238
- Sist endret
