Sommarjobb Bømlo bu- og helsesenter
Bømlo kommune
- Frist 30.4.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Har du lyst på ein spanande sommarjobb innafor helse? Har du lyst til å bli ein del av vårt omsorgsteam og bidra til å gjere ein skilnad i kvardagen til pasientane våre? Då er dette jobben for deg!
Me lyser no ut annonse for sommarjobb ved Bømlo bu- og helsesenter. Me ynskjer deg som har høve for å jobbe 6 veker i løpet av veke 25-33, og spesielt i juli/august månad. Søknadar vert vurdert fortløpande.
Som sommarvikar kan du få utbetalt bonus. Les meir om bonusordninga under.
Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad.
Arbeidsoppgåver og litt om oss
Ved Bømlo bu- og helsesenter har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonen består av tre avdelingar: Korttid og rehabilitering (KOR), Post 1, og Post 2. I tillegg har me eige kjøkken og reinhaldsavdeling.
- KOR er ein aktiv avdeling med høg fagleg kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har 11 korttidsplassar og 5 rehabiliteringsplassar. Avdelinga har tverrfagleg samarbeid med lege, heimetenesta, tenestekontor, samt ergo- og fysioterapitenesta.
- Post 1 og Post 2 er to langtidsavdelingar med 34 og 25 plasser. Avdelingane har god fagdekning, høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver som er både varierte og utfordrande. Avdelinga har eit tett tverrfagleg samarbeid med blant anna lege og ergo-fysioterapitenesta. Avdelingane kan tilby langvaktsturnus til vikarar over 18 år som ønskjer å jobbe 2- 3 langvakter med påfølgjande friperiodar.
- Kjøkkenet har ansvar for å produsere middag til heimebuande og dei som bu på institusjonane. I tillegg har desse ansvar for kantinedrift på helsehuset og rådhuset.
- Reinhald har ansvar for reinhald på heile helsehuset måndag til fredag, og treng reinhaldsassistentar i sommar.
Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene på ein av avdelingane våre på Bømlo bu- og helsesenter. Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Me vil gje deg introduksjon/opplæring.
Kvalifikasjonar
For arbeid på institusjon og i omsorgstenester må du helst ha fylt 18 år, men me kan vurdere søkjarar som er mellom 16-18 år og som er under helsefagleg utdanning.
Me søkjer:
- Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, eller andre med fullført helsefagleg utdanning.
- Studentar og elevar innan relevant helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.
- Assistentar til korttid- og og langtidsavdelingane.
- Kokk/kjøkkenassistent til kjøkkenet.
- Assistentar til reinhald.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Personlege eigenskapar
- Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre.
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Me tilbyr
- Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
- Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Bonus
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. For faste tilsette i tenestene våre som jobbar turnus i mindre stillingar vil ekstra vakter i ferieavvikling kunne utløyse ekstra kompensasjon.
Anna informasjon
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Søknader vert behandla fortløpande. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Monica eller avdelingssleiarar Isabel, Chatrin og Leif Christian.
Kontaktinformasjon
Monica Smedsrud, Verksemdleiar, +47 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.noIsabel Knutsen, Avdelingsleiar KOR, 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.no
Chatrin Pedersen Risøy, Avdelingsleiar Post 2 Sør, 474 52 732, chr@bomlo.kommune.no
Leif Christian Andersen, Avdelingsleiar Post 1 Nord, 908 93 242, Leif.Christian.Andersen@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5062391938
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446934354
- Sist endret
