Skipsmotormekaniker / matros / lettmatros, april–oktober 2026
Lustrabaatane AS
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Me treng maskinpersonell til våre fartøy i rute mellom Flåm og Gudvangen, Kaupanger og Gudvangen, og Vik, Balestrand og Fjærland, for 2026-sesongen.
Dette er ein variert jobb som inneber meir enn berre maskinpassar-funksjonen, så me treng motiverte og omgjengelege tilsette som er innstilte på å gjera ein innsats i ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag.
Nødvendige kvalifikasjonar:
-
Helseattest
-
Sikkerhetskurs
-
Passasjer- og krisehandtering
-
Bruvakt-sertifikat (for skipsførar og matros)
Båtturane våre er ettertrakta opplevingsprodukt for passasjerane våre, og stillingane inneber difor ein god del service og passasjerhandsaming.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446930440
- Sist endret