Matros / maskinpassar / lettmatros
Lustrabaatane AS
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Me treng service-innstilte matrosar, maskinpassarar og lettmatrosar som likar å jobbe med masse folk! Våre båtar fraktar turistar mellom Flåm og Gudvangen, Kaupanger og Gudvangen, og Vik, Balestrand og Fjærland.
Hva vi ser etter
Serviceinnstilt, løysingsorientert og positiv!
Nødvendige kvalifikasjonar:
-
Helseattest
-
Sikkerhetskurs
-
Passasjer- og krisehandtering
-
Bruvakt-sertifikat (for skipsførar og matros)
Produktet vårt er opplevingar, difor er det viktig at du kan yte god kundeservice.
Arbeidsoppgaver
-
Dagleg vedlikehold (herunder reinhald)
-
Fortøyning
-
Billettering/kontroll av billetter
-
Hjelpe til i kiosk og ved servering
-
Må snakke norsk eller eit nordisk språk i tillegg til engelsk
Vi tilbyr
Du får jobbe i verdsarvfjorden i den mektigaste naturen Norge har å by på. Det er til tider svært hektisk, med masse folk, så det er viktig å ha godt humør.
Me tilbyr konkurransedyktig lønn og me set opp vakter etter ønsker så langt det let seg gjere. Nokon ønskjer lite fri medan andre ønsker meir, så me prøver å legge sommaren opp etter det.
Du bur om bord i båten og får kostpengar.
Skjorte og evt. jakke får du av oss, resten av uniformen må du halde sjølv (svart uniformsbukse og svarte sko). Du får månadleg godtgjersle til uniform.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446930370
- Sist endret
