Skipsførar Fedje-Sævrøy, sjøvakt 2-2
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 3.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Skipsførar - leiarrolle på eit utfordrande og spennande samband
I rolla som skipsførar vil du ha ei sentral oppgåve i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Arbeidet byr på både ansvar og reelle utfordringar, med skiftande værforhold og eit fartøy som krev presis og trygg handtering. Du blir ein viktig bidragsytar til gode opplevingar for både passasjerar og mannskap, og samarbeider tett med kollegaer både om bord og på land.
Som ein av dei leiande aktørane innan miljøvenleg sjøtransport, satsar Fjord1 tungt på framtidsretta teknologi. MF Fedjebjørn er eit godt døme på denne satsinga – ei stillegåande og energieffektiv el‑ferje som representerer framtida på fjorden.
Arbeidsgjevar dekkjer reiseutgifter mellom heim og arbeidsstad etter dei retningslinjene som er fastsette.
Arbeidsoppgåver
Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette inneber mellom anna:
- Leiing av mannskapet og daglege operasjonar om bord
- Ansvar for sikkerheitsstyring og energileiing
- Teknisk og operativ tryggleik, inkludert vedlikehald og beredskap
- Sikring av personleg tryggleik for både mannskap og passasjerar
- Ivaretaking av miljømessig tryggleik og etterleving av gjeldande miljøkrav
- Utføring av oppgåver i samsvar med gjeldande stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
- Sjøvakt: 2 veker på og 2 veker av
- Reise til/fra jobb vert dekt av arbeidsgjevar
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
5947 Fedje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5066948602
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446918179
- Sist endret

