Aktivitør, 100% fast stilling
Gulen kommune
- Frist 8.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Gulen kommune har frå snarast ledig 100% fast stilling som aktivitør, for tida ved avdeling psykisk helse og rus, og Gulen sjukeheim. Stillinga er fordelt 60% i psykisk helse og rus (tre dagar) og 40% ved Gulen sjukeheim (to dagar). Skriv i søknaden din dersom du har eit ynskje om kun ein av stillingane. Dette kan verte vurdert. (Dersom ein søkjer stillinga ved Gulen sjukeheim separat, kan ein vite at denne stillinga i utgangspunktet er 50%).
Dette er ei stilling for deg som vil vere med å gjere kvardagen triveleg og innhaldsrik for brukarane. Me søkjer deg som er trygg i rolla, fagleg dyktig og har gode relasjonelle eigenskapar.
Som aktivitør i psykisk helse startar arbeidsdagen i Eivindvik ved avdeling psykisk helse og rus, i lag med gode kollegaer. I dag har tenesta tilbod om aktivitet ein gong i veka på Brekke, Dalsøyra og Eivindvik bu- og omsorgssenter. Tilbodet er for tida på dagtid, med brukarar frå bu- og omsorgssentera, samt heimebuande brukarar tilknytt tenesta. Når det ikkje er aktivitetstilbod på bu- og omsorgssentera vert stillinga nytta til brukarkontakt i tenesta.
Som aktivitør ved Gulen sjukeheim skal ein motivere og tilrettelegge til aktivitet for bebuarane, saman med det øvrige personalet. Vi ynskjer at aktivitøren også legg til rette for at aktivitetar kan skje sjølv om aktivitøren ikkje er på jobb, slik at personalet og bebuarane kan få høve til aktivitetar også på ettermiddag/kveld og i helgene.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, leie, motivere og ha ansvar for gjennomføring av ulike aktivitetar både individuelt og i gruppe. Aktivitetar kan vere; spel, handarbeid, teikning, maling, forteljing/høgtlesing, trim, sosialt samvær osb.
- Skape oppleving av meistring, trivsel og glede
- Oppfølging av brukarar
- Kartlegge den enkelte sine ønskjer og moglegheit for aktivitet
- Utvikle, kvalitetssikre og og dokumentere aktivitetar
- Dokumentere i Profil
- Noko ettermiddag- og kveldsarbeid kan påreknas
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev som aktivitør
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
- Må kunne handtere digitale verkty
- Fordel med erfaring frå psykisk helsearbeid
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
Me ønskjer ein person med:
- Gode samarbeidsevner og er løysingsorientert
- Har respekt for brukarane
- Er kreativ og har evne til å finne praktiske løysingar på utfordringar som dukkar opp
- Vert fagleg engasjert
- kan jobbe sjølvstendig
- Er fleksibel og likar utfordringar
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Har godt humør og er raus
Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- Den som vert tilsett må fylle ut eigenerklæring om MRSA/TBC, og framlegg negativ prøve før oppstart dersom ein er i ei risikogruppe
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446909076
- Sist endret
