Sjukepleiar m/vidareutd. innan demens, 60% fast (hukommelsesteamet)
Gulen kommune
- Frist 8.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gjere ein forskjell for personar med demens i ein tidleg fase - og deira pårørande? Gulen kommune har frå snarast ledig 60% fast stilling som sjukepleiar med vidareutdanning innan demensomsorg. Stillinga er organisert under eining helse og kontorstad er på Gulen sjukeheim. Det vil verte noko reising innad i kommunen.
Du vert ein viktig ressurs i kommunen sitt arbeid med demensomsorg, og stillinga legg opp til tverrfagleg samarbeid, til dømes med; fastlege, heimetenesta, fysioterapaut osb. Arbeidet omfattar demensutgreiing, tidleg oppfølging, rettleiing og undervising, og vidare tilrettelegge for at personar med demens kan bu heime så lenge som mogleg. Du vert eit bindeledd mellom brukarar, pårørande og hjelpeapparat. I denne stillinga vil du ha det faglege ansvaret for dagsenter for heimebuande med kognitiv svikt. Dagsenteret er ope to dagar i veka og har to tilsette.
Hjå oss får du ein meiningsfull jobb med stor fagleg breidde og moglegheit til å påverke kvaliteten på demensomsorgen!
Ettersom dette er ei 60% stilling vil kommunen prøve å legge til rette for at stillinga kan verte kombinert med andre stillingar i kommunen, dersom dette er ynskjeleg og mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Heimebesøk, kartlegging, tilrettelegging og oppfølging av brukarar innan denne tenesta
- Fagleg ansvar for dagsenteret
- Samarbeid med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Oppfølging av drifta på dagsenteret
- Søke på midlar inkl. rapportering
- Rettleiing og undervising
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Sjukepleiar med relevant vidareutdanning innan demensomsorg
- Fordel med erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og samhandlar godt med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar
- På grunn av brukargruppa vert det stilt høge krav om god kommunikasjon på norsk
- Strukturert, samarbeidsvillig og initiativrik
- Likar å jobbe med rettleiing og opplæring
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Har godt humør og er raus
Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- Den som vert tilsett må fylle ut eigenerklæring om MRSA/TBC, og framlegg negativ prøve før oppstart dersom ein er i ei risikogruppe
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446903434
- Sist endret
