Er du glad i både menneske og natur og brenn for å lære unge meir om friluftsliv? Då er det deg vi ser etter!
Ål kommune Hallingdal leirskule
- Frist 9.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledig inntil 60% mellombels stilling som leirskuleinstruktør ved Hallingdal leirskule for skuleåret 2026/27, i perioden 12.08.26 - 31.07.27.
Kvalifikasjonar
- Allsidig friluftsliverfaring og idrettserfaring.
- Kunnskap innan orientering og førstehjelp.
- Det er ynskjeleg at du har:
- Erfaring frå opplæring/undervisning.
- Instruktørutdanning innan alpinski, (nybegynnaropplæring) og/eller klatring.
- Livredningsprøve i vatn.
- Erfaring frå leirskule eller anna organisert friluftsaktivitet for barn i aldersgruppa 10-13 år.
Personlege eigenskapar
- Trygg, positiv og tydeleg i møte med elevane.
- Har gode samarbeidsevner.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
- Kunnskapsrik og triveleg.
- At du bidreg til kollegiet.
- Møter elevar og vaksne med eit smil kvar dag.
- Kan uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
- Dyktige, inspirerende og engasjerte tilsette.
- Stabil personalgruppe.
- Pensjonsordning i KLP.
- Løns- og arbeidsvilkår er regulert av Hovudtariffavtala.
Andre opplysningar om stillinga
- Utearbeid heile året.
- Kveldsarbeid må påreknast.
- Arbeidet fylgjer skuleåret.
- Leirskulen har planlagt 18 leirskuleveker i 2026/27.
- Arbeidsåret er periodisert.
Politiattest og søknad
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446889793
- Sist endret
