Helsefagarbeidar
Hareid kommune, Bu og habilitering - Hjellebakken
- Frist 7.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du ein aktiv og meiningsfull jobb? Vi søkjer ein engasjert og omsorgsfull helsefagarbeidar. Du vil bruke din faglege kompetanse for å sikre tryggleik, trivsel og meistring for våre brukarar.
Vi har ledig 100 % stilling i bu -og habilitering frå 01.04.2026. Eininga vår har ansvar for å gje tenester til personar med psykisk utviklingshemming og funksjonsnedsetting. Arbeidsoppgåvene er retta mot vaksne brukarar og born på avlastning.
Arbeidsoppgåver
- sitje i primærgrupper
- bistand i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
- ansvar for å utarbeide og gjennomføring av miljøarbeid
- utføre arbeidsoppgåver ut i frå prosedyre og tiltak
- delta i eksterne og interne møter ved behov
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide med menneske med nedsett kognitiv funksjon på ein omsorgsfull, etisk og respektfull måte. Vi skal yte tenester av høg kvalitet.
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- vere over 18 år gammal
- erfaring med brukargruppa
- grunnleggjande digital kompetanse
- førarkort klasse B
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande minimum nivå B2)
- kjennskap til gjeldande lovverk
- du må kunne jobbe turnus
Det er krav om politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar
I sektor for velferd ønskjer vi oss ein medarbeidar som er:
- engasjert, profesjonell og løysningsorientert
- viser respekt og er rause
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
- evner å jobbe sjølvstendig
- viser arbeidsglede og bidreg til det sosiale fellesskapet
- du er inkluderande, handlekraftig, påliteleg og initiativrik
- du bidreg til å skape gode relasjonar til brukarane, pårørande og kollegaer
- du må vere lojal mot planar og retningslinjer
Vi tilbyr
- ein inkluderande arbeidsfellesskap med god fagleg kompetanse
- individuell opplæring og god kollegastøtte
- god moglegheit for fagleg utvikling
- løn etter gjeldande tariffavtale
- kurs gjennom veilederen og NHI
- forsikrings -og pensjonsordning gjennom KLP
- ein jobb med meining, og du får moglegheit til å bidra til ein betre kvardag og livskvalitet for våre brukarar.
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaar!
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Lisa Johnsen, +47 41415308Arbeidsstad
Teigevegen 556060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5064890351
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 07.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446854566
- Sist endret

