Lærling som ernæringskokk
Matforsyning avdeling Haugesund sjukehus
- Frist 1.4.2026
- Ansettelsesform Lærling
Vil du bli lærling som ernæringskokk på Haugesund sjukehus?
Hos oss får du sjansen til å bli lærling som ernæringskokk, med spennande arbeidsoppgåver der du får vera med å skapa gode matopplevingar for både pasientar og tilsette.
På sjukehuskjøkkenet vårt lagar me mat til pasienter på sjukehuset og me driv også ei stor kantine for dei som jobbar her på sjukehuset. Me har ope kvar einaste dag året rundt, så du får verkeleg oppleve korleis det er å jobbe i eit travelt og viktig miljø.
Me bryr oss om sunn og god mat, og gjer alltid vårt beste for at pasientane skal få det dei treng – også dei som har spesielle behov. Her lærer du korleis du kan lage næringsrik mat som både smakar godt og gjer godt.
Som lærling hos oss vil du bli ein del av eit dyktig team som vil støtte deg, lære deg nye ting og gi deg den kompetansen du vil trenge som ernæringskokk. Me vil at du skal kjenne deg trygg, få utfordringar og bli den beste du kan bli – for me har som mål å vera den beste plassen å lære dette yrket!
Når startar du?
Me vil gjerne ha deg med på laget frå midten av juni, rett etter skuleslutt, eller så finn me ei løysing som passar for deg.
Høyrest dette ut som noko for deg?
👉Send oss ein søknad og fortel litt om deg sjølv. Me gler oss til å bli kjent med deg!
Kva går jobben ut på?
- Delta aktivt i daglig produksjon og planlegging.
- Lære deg om ernæring og menylære for å skape sunne og varierte måltid.
- Få opplæring i kjøkkenhygiene og sørge for å praktisere dette
- Tilegne deg kunnskap om dietter og spesialkost slik at du kan tilpasse mat til ulike behov.
- Utforske tema som fagkunnskap, bransjestandardar, logistikk, miljø og bærekraft.
- Dokumentere og evaluere egen opplæring i elektronisk opplæringsbok.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Bestått eksamen frå VG1 Restaurant- og matfag og starta Vg2 kokk- og servitørfag.
- Dokumentert erfaring frå relevant praksis er ein stor fordel. Td. sommarjobbar, kortare oppdrag, UB. ol.
- At du kan kommunisera på norsk, med gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Søkjarar med anna morsmål enn norsk, dansk eller svensk, må kunna dokumentera bestått eksamen frå skriftleg og munnleg norskopplæring på nivå frå videregåande skule.
Personlege eigenskapar blir vektlagd. Referansar vil bli etterspurd.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har interesse og motivasjon for matfaget
- har ei utprega serviceinnstilling
- kan ta ansvar for eiga læring. Vi vektlegg engasjement for faget og lærevillighet
- er moden og reflektert
- har gode samarbeidsevner både med kollegaer, pasientar og kunder
- mestrer bruk av elektroniske hjelpemiddel og system
Kvifor skal du velje oss?
- 2-årig lærekontrakt, med inngåande, god og allsidig praksisutdanning for fagbrevet som ernæringskokk.
- Mange dyktige kokkekollegaer som deltar i opplæringa.
- Fagleg breidde i opplæringa, med praksisperiodar hos samarbeidande produsentar innan: konditori-, kjøtt- og fiskeforedling
- Fagleg oppfølging med bl.a. fagkurs og elektronisk opplæringsbok frå Opplæringskontoret for matfag i Rogaland.
- Eit triveleg og positivt læringsmiljø.
- Trygg og god tilsetting på ein stabil og solid arbeidsplass.
- Ryddige og gode arbeids- og personalordningar.
- Gode moglegheiter for fast tilsetting og/eller vikarjobb i Helse Fonna, etter bestått fagprøve.
Kontaktinformasjon
Bjarte Halleraker, AvdelingsleiarArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5065503193
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 01.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446407219
- Sist endret

