
Prosjektleiar/seniorrådgivar - villreinforvaltning
Miljødirektoratet
- Frist 8.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein dyktig prosjektleiar med interesse for villrein?
Miljødirektoratet har ansvar for fleire oppgåver i villreinforvaltninga. Vi kartlegg kunnskapsbehov, finansierer forsking og overvaking av tilstand og gir faglege råd om forvaltning av villrein og leveområda til villreinen. Vi har også ansvar for rettleiing for kommunar, statsforvaltarar og andre i spørsmål knytt til arealforvaltning og konsekvensutgreiing.
Miljødirektoratet har ei sentral rolle i oppfølging av oppgåver med bakgrunn i stortingsmeldinga om villrein og tiltaksplanar for villreinområde. Stillinga er knytt til eit spennande og komplekst saksfelt under stadig utvikling, og omfattar mykje samarbeid på tvers, både internt i direktoratet og med andre sektorar.
Stillinga er plassert i viltseksjonen, som er ein av sju seksjonar i land- og friluftslivsavdelinga. Seksjonen har 13 tilsette og stillinga har kontorstad på Brattøra i Trondheim.
Stillinga sine hovudansvarsområde
koordinere, følgje opp og sakshandsaming av oppgåver knytt til stortingsmeldinga om villrein og tiltaksplanar for villreinområde på tvers av seksjons- og avdelingsgrenser
sørgje for god framdrift i prosessar og oppgåver
vurdere og følgje opp kunnskapsbehovet for villreinforvaltninga
etablere eit system for regelmessig rapportering av tiltak og effekten av desse i villreinområda, og dessutan å rapportere til Regjering og Storting
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
relevant høgare utdanning på masternivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om utdanning på masternivå.
relevant arbeidserfaring, inkludert erfaring med prosess-/ prosjektleiing
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
erfaring frå arbeid i offentleg forvaltning vil leggjast vekt på
god kjennskap til og erfaring med digitale saksbehandlingsverktøy
god kunnskap om digital datahandtering (inkludert GIS) er ein fordel
Eigenskapar
du har gode evner til samarbeid og relasjonsbygging internt og eksternt
du har pågangsmot, god rolleforståing og er fagleg trygg
du har gode kommunikasjonsferdigheiter og er vant til å uttale deg til/vere i media
du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne leveransar
du er strukturert, utviklingsorientert og har god arbeidskapasitet
Vi tilbyr
fast stilling som seniorrådgjevar med lønn i spennet frå kr 680 000 - 900 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkjarar kan vurderast høgare.
ein spennande og utfordrande jobb i eit direktorat med eit viktig samfunnsoppdrag
gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida.
fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
kontorstad på Brattøra i Trondheim
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Vebjørn Knarrum, tlf. 952 31 575 eller e-post vebjorn.knarrum@miljodir.no, eventuelt fagdirektør Erik Lund, e-post erik.lund@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 08-2026 LVI når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
FerdigheterAI-generert
- Administrere data
- GIS
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim, Oslo Svolvær og Tromsø, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidstilsette rovviltkontaktar over heile landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Sjå alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Biolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
villreinforvaltning, prosjektleiar, kommunikasjon, prosessledelse, biologi
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446403744
- Sist endret

