Ingeniør maskinteknikk og konstruksjon
Hywer AS
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Ingeniør innan maskinteknikk og konstruksjon
Vil du vere med og byggje fornybar energi saman med ein framoverlent og erfaren organisasjon?
Hywer opplever auka oppdragsmengde og søkjer ein engasjert og teknisk interessert maskiningeniør til vår prosjekteringsavdeling.
Hywer er leiande på utvikling av berekraftige løysingar til vasskraftbransjen. Vi leverer komponentar og utstyr til nokre av dei største vasskraftprosjekta i landet, og har i tillegg fleire kraftverk under bygging og prosjektering for ulike kundar. Som ingeniør hos oss blir du del av eit fagleg sterkt og erfarent team som utviklar løysingar og konstruksjonar for eit breitt spekter av prosjekt.
Vi har eit unikt og breitt fagmiljø med kompetanse innan design, produktutvikling, prosjektleiing, montasje, innkjøp og logistikk – både innan mekaniske fag, byggfag og elektro. Med totalansvar for både komplette vasskraftanlegg og komponentleveransar, stor moglegheit til påverknad og direkte læring frå prosjekt til prosjekt.
Hos oss får du ein variert, utviklande og meiningsfull arbeidskvardag – saman med gode kollegaer.
Vi ser etter deg som ønskjer å utvikle både deg sjølv og kraftbransjen, som er teknisk nysgjerrig og trivst i tverrfaglege team.
Arbeidsoppgåver
Konstruksjon og berekning av mekaniske vassvegskomponentar
Prosjektering og tekniske løysingar for vasskraftsystem
FE-analysar og 3D-modellering
Prosjekteringsleiing
Kvalifikasjonar
Ingeniør eller sivilingeniør innan mekaniske fag
Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Evne og interesse for å setje seg inn i komplekse tekniske problemstillingar
Strukturert og sjølvstendig, samstundes som du trivst i team
Proaktiv, initiativrik og løysingsorientert
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Eit sterkt og inkluderande fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
Konkurransedyktige vilkår, samt gode pensjons og forsikringsordningar
Fleksitidsordning og gode moglegheiter til å påverke eigen arbeidshverdag
Ei unik moglegheit til å bidra i vidareutviklinga av ein organisasjon i vekst
Arbeidsstad: Dale i Sunnfjord
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Hywer er ein leiande leverandør av utstyr, tenester og totalentreprisar innan vasskraft. Vi betener den norske marknaden og har ambisjonar om internasjonal vekst.
Vi har erfaring frå bygging av nær 90 kraftverk og over 600 andre vasskraftprosjekt. Kompetansen vår spenner over heile verdikjeda – frå design, prosjektering og produktutvikling til produksjon, logistikk, utbygging og idriftsetjing. Dette gjer oss i stand til å tilby kostnadseffektive og gode løysingar for kundane våre.
Hywer er eit sjølvstendig heileigd dotterselskap i SaintGobainkonsernet, som har verksemd i 76 land og over 166 000 tilsette. I Noreg er vi i konsern med Optimera, Brødrene Dahl, Flisekompaniet og Ventistål. Hywer har i dag 45 tilsette og ei omsetning på 500 millionar kroner.
Hovudkontoret vårt ligg i Dale i Sunnfjord, med om lag 30 tilsette. Vi har òg kontor i Oslo, samt tilsette i andre delar av landet.
- Sektor: Privat
- Sted: Dalstunet 15, 6963 Dale i Sunnfjord
- Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Fornybar energi, Ingeniør, Mekanisk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Prosjektering, maskin, konstruksjon, vannkraft, ingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446382751
- Sist endret
