Avdelingsleiar radiologi
Helse Fonna HF
- Frist 08.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein leiar som skapar retning, byggjer tillit og samlar fagmiljø på tvers?
Som avdelingsleiar for radiologisk avdeling, klinikk for medisinske tenester og beredskap får du leie ei avdeling som er avgjerande i dei fleste pasientforløp, og som står midt i ei spennande fagleg og teknologisk utvikling.
Avdelinga vår kombinerer høg fagleg kompetanse, engasjerte medarbeidarar og store moglegheiter for vidare utvikling. Som avdelingsleiar får du det overordna ansvaret for ei strategisk viktig eining. Du leier avdelinga si leiargruppe, utviklar moderne og framtidsretta bildediagnostikk og sikrar trygg og effektiv drift ved lokasjonane i Haugesund, Stord og Odda. Jobben gir deg stor moglegheit til å påverke retning, kvalitet og arbeidsmiljø i eit fagfelt som er sentralt i pasientbehandlinga.
Vi har aktivitet ved tre sjukehus og ei brei portefølje innan CT, MR, ultralyd, nukleær, konvensjonell røntgen, mammografi og intervensjon. Avdelinga har høgt aktivitetsnivå og deltek i både akutte og planlagde pasientforløp. Fagmiljøet består av radiologar, radiografar og sekretærar. Miljøet er prega av høg fagleg breidde, stort engasjement og vilje til utvikling. Avdelinga samarbeider tett med klinikkane i heile føretaket og er ein nøkkelaktør i beredskap, kritiske pasientforløp og for kvalitet i diagnostikken.
Stillinga har heilskapleg resultatansvar for drift, personell, fag og kvalitet, økonomi og samarbeid. Du vil rapportere til klinikkdirektør og er ein del av klinikken si leiargruppe.
Vi søkjer deg som er tydeleg, samlande og til stades, og som vil vidareutvikle avdelinga i tråd med framtidige behov.
Kva går jobben ut på?
- Videreutvikle fagmiljøet og sikre høg kvalitet i diagnostikk, beredskap og pasientforløp.
- Sørgje for systematisk kvalitetssikring, avvikshandtering og kontinuerleg forbetringsarbeid.
- Legge til rette for kompetanseutvikling for radiologar, radiografar og LIS legegrupper; samt andre personellgrupper i avdelinga.
- Planlegge og sikre effektiv drift, god kapasitetsutnytting og moderne arbeidsflyt.
- Vere aktiv i utviklingsprosessar knytt til teknologi, digitalisering og integrasjon av nye system.
- Vidareutvikle samhandlinga mellom Haugesund, Stord og Odda for å skape meir heilskaplege tenester.
- Sikre tett og god dialog med tillitsvalde, vernetenesta og medarbeidarar.
- Arbeide systematisk for å sikre eit godt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Bidra til god samhandling internt i klinikken, på tvers av sjukehus og mot primærhelsetenesta.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Helsefagleg utdanning på høgskole-/universitetsnivå.
- Leiarutdanning og/eller erfaring med personal og driftsleiing er ønskelig, eventuelt vere interessert i videreutdanning som leiar i samråd med klinikkdirektør.
- Evne til å forstå kompleksiteten i spesialisthelsetenesta og tydeleg organisasjonsforståing
- God kjennskap til det radiologiske fagmiljøet .
Kva ser vi etter hos deg?
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer deg som:
- har evne til å skape tillit, retning og ro i ein kompleks kvardag
- kommuniserer klart og skapar forståing og involvering
- har sterk gjennomføringsevne, tåler høgt tempo og prioriterer godt
- motiverer medarbeidarar og løftar fram fagleg stoltheit
- er utviklingsorientert, endringsvillig og nytenkjande
- ønskjer å vere ein synleg og nær leiar i eit engasjert fagmiljø
Kvifor skal du velje oss?
- Eit sterkt og tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse
- Ein nøkkelrolle i utviklinga av radiologitenesta i regionen
- Moglegheit til å påverke teknologi, pasientforløp og drift direkte
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Digitalisering
- Helsevitenskap
- Kapasitetsplanlegging
- Kontinuerlig forbedringsprosess (CIP)
- Kunnskap om teknologi
- Kvalitetssikring
- Radiologi
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
avdelingsleder, ledelse, radiologi, leder, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446382546
- Sist endret



