Lærling - Helsefagarbeidar
Kompetanse og utdanning, Helse Førde
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Lærling
Helse Førde har lange tradisjonar og positive erfaringar med opplæring av helsepersonell. Vi er eit helseføretak med lokasjonar både i Sunnfjord, Sogn og Nordfjord. Vi har ledige læreplassar i helsearbeidarfaget innan psykiatri, medisin og kirurgi. Som lærling, får ein rullere til fleire fagavdelingar i løpet av læretida.
Vi kan tilby ulike læreplassar som er spennande og utfordrande i eit godt fagmiljø. Lærlingansvarleg og rettleiarane våre sørgjer for at du får tett og individuell oppfølging gjennom læretida. Vi har utarbeidd eigen kompetanseplan som sikrar at måla i læreplanen for helsearbeidarfaget vert ivaretekne.
Ber om at det i søknaden vert opplyst om kvar du helst ønskjer å få tilbod om læreplass; Sunnfjord, Sogn eller Nordfjord. Om du har interesse for eit særskilt fagfelt, må du gjerne opplyse om det i søknaden.
Det er viktig at det blir lagt ved vitnemål for Vg1og Vg2, eventuelt første termin Vg2 ved søknaden. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging og pleie
- Arbeidsoppgåvene er tilpassa læreplanen sine kompetansemål
- Tredelt/todelt turnus med arbeid kvar tredje helg
Kvalifikasjonar
- Bestått Vg1 Helse- og oppvekstfag
- Bestått Vg2 Helsearbeiderfaget
- God datakunnskap/trygg i bruk av digitale verktøy
- God orden og åtferd
- Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Motivert for å vere lærling og for å verte rettleia
- Motivasjon og interesse for fagfeltet
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Imøtekomande og syner respekt for pasientar, pårørande og kollegaer
- Pliktoppfyllande og initiativrik
- Må trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Personleg eigna
Referansar vert etterspurd
Vi tilbyr
- Du får løn etter tariff for lærlingar
- Vi kan tilby eit spennande arbeidsmiljø med god oppfølging og rettleiing etter opplæringsplanen
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Variert praksis
- Eigne fagdagar for lærlingar som er tilpassa kompetansemål i opplæringsplanen
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Anja Solheim Kiil, Rådgjevar, (+47) 952 41 883Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5061262358
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446368194
- Sist endret
