Sommarjobb - vil du jobbe med reinhald, kjøkken eller i sjukehusparken?
Drift Valen
- Frist 1.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
På Valen sjukehus treng vi ferievikarar som vil bidra til å halde sjukehuset og uteområda i god stand gjennom sommaren.
Du kan velje mellom å jobba som reinhaldsassistent, kjøkkenassistent eller med vedlikehald av sjukehusparken. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der alle er veldig glade for å få arbeide saman med deg i sommarferien.
Vi søkjer vikarar i perioden frå veke 26 til veke 33. Kan du jobbe store delar av sommaren? Perfekt!
Har du lyst å jobbe med:
Reinhald - Du vil bidra til eit reint og triveleg miljø ved å vaske golv, tørke støv og halde pasientavdelingar, korridorar og kontor reine.
Kjøkken - Jobben går ut på å lage til enkel brødmat for salg i kantina og betjening av kundar. 80% stilling.
Arbeid i sjukehusparken - Jobben inkluderer plenklipping, kantklipping og generell rydding i sjukehusparken, som blir brukt av både pasientar, tilsette og lokalbefolkninga.
Skriv i søknaden om du søkjer stilling som reinhaldsassistent, kjøkkenassistent eller arbeid i sjukehusparken
Bli med oss og få ein spanande og lærerik sommarjobb! 🌞
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Erfaring frå områda er ein fordel, men opplæring blir gitt.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- Er kjent med IT - verktøy.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- trivst med å jobbe saman med andre, møter folk med eit smil og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- møter opp til avtalt tid, gjer jobben grundig og tek ansvar for oppgåvene dine
- er open for nye oppgåver og tilpassar deg ulike arbeidsdagar
- både forstår og kommuniserer på norsk, både munnleg og skriftleg
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø – Vi tek godt imot ferievikarar og sørgjer for at du føler deg som ein del av teamet frå første dag.
- Ein aktiv og variert jobb – Ingen dagar er heilt like! Du får ein fysisk aktiv jobb der du ser resultatet av arbeidet ditt kvar dag.
- Trygg lønn og gode vilkår – Du får lønn i samsvar med gjeldande tariffavtalar.
Kontaktinformasjon
Bente Furrebøe, Avdelingsleiar, 53651097Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5062602999
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 01.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446350297
- Sist endret



