Fast stilling som helsefagarbeidar - heimeteneste
Hareid kommune, Eining for heimetenester
- Frist 6.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Ein av våre erfarne medarbeidarar går no av med pensjon, og vi søkjer derfor ein engasjert helsefagarbeidar som vil bli ein del av teamet vårt.
Vi tilbyr ei fast 90 % stilling i todelt turnus, med arbeid kvar tredje helg. Oppstart så snart som mogleg.
Er du ein person som tek ansvar, møter menneske med varme og respekt, og som tenkjer kreativt når du skal finne gode løysingar? Då er det deg vi ser etter!
Vi ønskjer oss ein helsefagarbeidar som:
- trivst med ein aktiv kvardag og mange ballar i lufta
- held humøret oppe på krevjande dagar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du utvikle deg fagleg, tileigne deg verdifull erfaring og bidra i ei teneste som er i vekst og endring. Vi jobbar for å gje brukarane god livskvalitet, styrke eigne ressursar og legge til rette for at dei kan bu heime lengst mogleg gjennom førebyggjande tiltak og behandling.
Heimetenesta gir tenester til heimebuande og personar i omsorgsbustadar, alltid med fokus på fagleg kvalitet og brukarens behov. Du blir ein viktig del av den faglege utviklinga i eininga.
Sektor for velferd samarbeider tett på tvers av einingar for å sikre gode pasientforløp og tryggleik. Hos oss blir du del av eit lag som hjelper kvarandre og jobbar for å gi dei beste tenestene til innbyggjarane våre.
Arbeidsoppgåver
Som helsefagarbeidar vil du ha varierte faglege utfordringar og arbeidsoppgåver knytt til brukarane som bur i heimane og omsorgsbustad. Vi legg stor vekt på å ha eit godt samarbeid med brukar, og samarbeider godt med andre einingar og faggrupper i velferd.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- utføre arbeidsoppgåver på ein fagleg forsvarleg måte, i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for eininga
- gi heilskapleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar med fokus på brukarmedverknad og kvardagsmestring
- dokumentere arbeidet i samsvar med lovverket
- bruke velferdsteknologi
- delta i kvalitetsutvikling av tenesta
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide med pasientomsorg på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
Difor er det krav om at du
- er helsefagarbeidar med norsk autorisasjon eller har anna relevant helsefagleg utdanning
- kan medikamenthandtering
- meistrar bruk av IT i det daglege
- kan leggje fram ny og gyldig politiattest ved tilsetjing
- har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
I sektor for velferd ser vi etter medarbeidarar som er engasjerte, profesjonelle og løysingsorienterte – som møter andre med respekt og rausheit.
Du har gode kommunikasjonsferdigheiter, evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeider godt med andre. Du klarer å prioritere, ta avgjerder og gjennomføre oppgåver på ein strukturert måte.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral når vi tilset nye medarbeidarar.
Vi tilbyr
- varierte oppgåver med vekt på fagleg utvikling og godt tverrfagleg arbeidsfellesskap
- ein triveleg arbeidsfelleskap med mange dyktige kollegaer
- aktiv bruk av moderne velferdsteknologi
- ein variert og utfordrande jobb med mange spanande arbeidsoppgåver
- kurs gjennom NHI og Veilederen
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter gjeldande avtaleverk
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaar!
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312
Arbeidsstad
Teigevegen 55
6060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommune
Referansenr.: 5061798104
Stillingsprosent: 90%
Fast
Søknadsfrist: 06.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446348995
- Sist endret
