Læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Oppvekst
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Lærling
Vil du jobba med barn og unge?
Å vera lærling betyr at du utdanner deg til eit yrke i barne- og ungdomsarbeidarfaget ved å jobba i kommunen og få opplæring og praksis. Dette er eit yrkesretta utdanningsløp som blir avslutta med ein fagprøve. Med bestått fagprøve får du dokumentasjon på din teoretiske og praktiske kunnskap, og kan søkja på fagarbeidarstillingar. Kommunen samarbeider med Handalag opplæringskontor om lærlingeordninga.
No søkjer me etter deg som ynskjer læreplass i som barne- og ungdomsarbeidarfaget frå hausten 2026.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med barn i barnehage og skule i samsvar med læreplanmål for barne-og ungdomsarbeidarfaget
Kvalifikasjonar
- Ha interesse og motivasjon for fagfeltet du søkjer
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Personlege eigenskapar
For å få læreplass må du ha eigenskapar som gjer deg eigna til å jobba med barn og unge:
- Vera motivert for å verta lærling
- Fungera i eit aktivt arbeidsmiljø
- Møta andre på ein respektfull og open måte
- Handtera barn og barnegrupper
- Serviceinnstilt og engasjert
- Fleksibel og løysingsorientert
- Raus og inkluderande
Me tilbyr
- God fagopplæring i positive arbeidsmiljø
- Dyktige instruktørar som rettleiarar
- Arbeidsvilkår i samsvar med vanlege kommunale vilkår
Generell informasjon: - Søknad må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka.
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755Tone Søgaard, Dagleg leiar Handalag opplæringskontor, 91 55 33 38
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 305600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5062527993
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 01.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446246941
- Sist endret



