Leiar for vatn og avløp i Sogndal kommune
Sogndal kommune, Plan og teknisk
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Leiar for vatn og avløp i Sogndal kommune
Me søkjer ein leiar som får ting til å skje, både på papiret, i planverket og i kvardagen.
I avdelinga for vatn og avløp har me stadig planar, ROS-analysar, rutinar og instruksar som må oppdaterast, skrivast og settast i system.
Likar du struktur, orden og framdrift, og tenker at du kan vere bindeleddet mellom drift, prosjekt, administrasjon og krav frå myndigheitene? Då vil me gjerne snakke med deg.
Kva kjem du til å jobbe med?
Det viktigaste er å styre og utvikle det administrative grunnlaget for VA-området, mellom anna:
Oppdatere og revidere planar, analysar, rutinar og dokumentasjon
Koordinere og bestille utgreiingar og faggrunnlag
Følgje opp lovverk, krav, fristar og rapportering
Samhandle med både drift, prosjekt, plan og eksterne aktørar
Sikre god dokumentasjon for både dagleg drift og større satsingar
Bidra inn i planarbeid og kommunale prosessar knytt til VA-området
Skape oversikt: kva manglar, kva må fornyast og kva må prioriterast?
Kort sagt: Du er den som har kontroll på og skapar framdrift i alt som må vere på plass på VA-sida, slik at alle får gjort jobben sin på beste moglege vis.
Kven passar dette for?
Me trur du liker å jobbe systematisk, er god på samhandling og finn motivasjon i å skape orden, oversikt og struktur.
Om du har erfaring frå teknisk sektor, planarbeid, administrasjon, prosjektstøtte eller liknande, så er det ein bakgrunn vi finn spennande.
Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du har kunnskap om VA/anlegg, offentleg forvaltning eller kommunalt planarbeid.
Har du i staden sterk administrativ/planfagleg bakgrunn og lyst til å lære meir om VA, så er det også interessant.
Me ser gjerne at du har noko av dette, men ikkje nødvendigvis alt:
Erfaring med plan- og dokumentarbeid, koordinering eller prosjektstøtte
Forståing for offentleg forvaltning, krav og prosessar
God skriftleg framstillingsevne på norsk og evne til å hente inn og sy saman faggrunnlag
Erfaring med rapportering, bestilling og oppfølging
VA-kompetanse er eit pluss, ikkje eit absolutt krav
Formell utdanning er fint, men relevant erfaring kan kompensere.
Kva får du hjå oss?
Ein jobb der du faktisk gjer ein forskjell for innbyggjarane
Spennande rolle i kryssinga mellom drift, fag, plan og utvikling
Ei avdeling som spelar kvarandre gode og vil ha deg med på laget
Moglegheit til å jobbe både operativt og langsiktig
Varierte dagar: noko papir, noko koordinering, noko tverrfagleg
Ein arbeidskvardag der du kan kombinere karriere med fjord, fjell og god livskvalitet
Litt formelt:
Vassforsyning er rekna som samfunnskritisk infrastruktur. Søkarar må vere budd på at me vil legge til grunn sikkerheitsmessig vurdering av aktuelle kandidatar til stillinga.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller bakgrunn. Me legg til rette for gode arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Det er krav om god norsk skriftleg og munnleg kompetanse. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid.
Høyrest dette ut som noko for deg?
Har du spørsmål eller vil du slå av ein prat før du søkjer, ta kontakt med kommunalsjef plan og teknisk, Torgeir Bang.
Me gler oss til å høyre frå deg.
Anna praktisk info:
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentasjon
- Forvaltningskompetanse
- Norsk
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Rapportering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Sted: Riverdalen 5, 6856 Sogndal
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Analyse, Dokumentasjon, Vann- og miljøteknikk
Nøkkelord
VA-ingeniør, planarbeid, administrasjon, analyse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446159028
- Sist endret

