Tilkallingsvikar - Hogslia i Ytre Bremanger - 2. gongs utlysing
Open omsorg ytre, Bremanger kommune
- Frist 10.5.2026
Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til andre?
Hogslia er eit bufellesskap for personar med nedsett funksjonsevne i Ytre Bremanger. Vi legg vekt på tryggleik, omsorg og eit godt miljø der bebuarane får støtte til å leve eit aktivt og meiningsfylt liv.
Vi søkjer tilkallingsvikarar som kan stille opp ved behov – til dømes ved sjukefråvær eller ferieavvikling.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk og sosial oppfølging av bebuarane
- Bidra til daglege rutinar og aktivitetar
- Sikre at bebuarane får den omsorga og støtta dei treng
Kvalifikasjonar
- Du er omsorgsfull, påliteleg og har gode samarbeidsevner
- Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode norskkunnskapar
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
- Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
- Moglegheita til å gjere ein forskjell i kvardagen til våre bebuarar
- Løn etter gjeldande tariff
Kontaktinformasjon
Margritt Myklebust, Fagleiar Hogslia/Amtskaia, 95 98 87 74Karine Igland, Drifssjef Open omsorgs ytre, +47 959 82 940
Arbeidsstad
Stasjonsvegen 26727 Bremanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5064214789
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 10.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446090875
- Sist endret
