Pedagogisk leiar 100 % fast stilling
Vindafjord kommune Skjold barnehage
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?
Skjold barnhage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 30.03.2026.Skjold barnehage er ein trygg og inkluderande barnehage med fokus på leik, læring og omsorg. Me legg vekt på å skape eit godt miljø, som gjer barna, foreldre og tilsette robuste, og jobbar aktivt med å utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon. Hos oss får du høve til å vere med og forme kvardagen til barna og bidra til deira utvikling.Kva får du jobba med hos oss?
- Du får det pedagogiske ansvaret på avdelingen eller i barnehagen.
- Du sørge for at barnehaglova og rammeplanen oppfylles gjennom det pedagogiske arbeidet.
- Du leiar det daglege arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltbarna og barnegruppa.
- Du utvikle og implementerer i samarbeid med styrar/einingsleiar, pedagogiske aktivitetar som fremjar barn si læring og utvikling.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Godkjend barnehagelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Evne til å leie og motivere medarbeidarar.
- Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel.
- Gode digitale ferdigheiter.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- Du har evna til å handtere utfordrande situasjonar roleg og med forståing.
- DU viser empati og omsorg for barna sine behov og trivsel.
- Du tek ansvar for eigne oppgåver.
- Evne til å skape gode relasjonar med barn, foreldre og kollegaer.
- Du kan jobbe sjølvstendig, og i team.
- Du har evna til å tilpasse deg ulike situasjonar i barnehagen.
- Positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Engasjert og løysingsorientert.
- Strukturert og fleksibel.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445894943
- Sist endret
