Vi søker lærlingar til barne- og ungdomsarbeiderfaget
Oppvekst
- Frist 23.2.2026
- Ansettelsesform Lærling
Vi treng fleire superheltar i laget rundt barna og ungdommane våre!
Ein barne- og ungdomsarbeidar jobbar med barn og unge i barnehage, skule og SFO.
Vi søker deg som har eit sterkt ønske om å bli fagarbeidar. Du er læringsvillig, påliteleg, møter presis og set ære i å levere arbeid av høg kvalitet til beste for dei som treng din fagkompetanse og hjelp.
Du vil jobbe nært erfarne fagfolk som gir deg rettleiing og støtte gjennom lærlingetida. I tillegg til å få verdifull arbeidserfaring får du lønn under utdanning, praktisk opplæring, kurs og oppgåver som bygger din kompetanse.
Som barne- og ungdomsarbeidar har du ei viktig rolle i liva til barn og unge og du kan gjere ein forskjell. Du skal hjelpe dei med utfordringar, og rettleiie dei i leik og aktivitetar for å bygge tillit og utforsking. Du skal sjå kvart barn, delta i leiken, inkludere dei i aktivitetar, og skape eit sosialt fellesskap. Det viktigaste er å skape gode relasjonar; vere ein varm og trygg vaksen som får dei til å kjenne seg verdifulle.
Alle som søkjer lærlingplass må, i tillegg til søknaden, søke via VIGO og gjennom Opplæringskontoret for offentlig sektor Telemark (OKOS) FØR 01.03.2026
Arbeidsoppgåver
I løpet av læretida skal du mellom anna få opplæring og arbeidsoppgåver i følgjande punkt:
- planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar for barn og unge
- tilrettelegging for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den enkeltes funksjonsnivå og livssituasjon
- anvendelse av forming, song, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeidet
- kommunikasjon med menneske med ulik kulturell bakgrunn, livssyn og sosial status
- samarbeid med barn og unge, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- grensesetting, konfliktløysing og å vere ein tydeleg vaksenmodell
- arbeide med oppgåver i kompetanseboka
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått VG1 helse - og oppvekstfag og VG2 barne- og ungdomsarbeiderfag
- God muntlig og skriftlig framstillingsevne, minimum B1 nivå
NB: Husk å legge ved dokumentasjon på karakterar og fråvær som vedlegg til søknaden.
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Barnehager § 30 og Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæring § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
- Er lærevillig, fleksibel og motivert
- Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Likar utfordringar og er løysingsorientert
- Er ansvarsbevisst, lojal og viser initiativ
Personlege eigenskapar, god orden og lite fråvær vil vektleggast den i den totale vurderingen.
Vi tilbyr
- Ei lærebedrift som har lang erfaring i å utdanne barne- og ungdomsarbeiderar.
- Dyktige instruktørar som har brei fagkunnskap på kvar enkelt arbeidsplass, og som er dyktige til å gi rettleiing og tilbakemelding til lærlingane.
- Interessante og spanande arbeidsoppgåver, tverrfaglege og aktive arbeidsmiljø.
- Lønn under utdanning.
- Oppfølging frå OKOS.
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune.
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Anny Iren Rinden, spesialkonsulent personal, +47 911 94 270Arbeidsstad
Gullbringvegen 313800 BØ I TELEMARK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5061412703
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 23.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445881572
- Sist endret

