Fastlege
Klepp kommune
- Frist 03.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Fastlege
Det er ledig fastlegeavtale ved Jæren legesenter frå 01.03.2026.
Jæren legesenter er eit veldrive legesenter med 6 fastlegeavtaler lokalisert i Klepp sentrum. Det er eit særs godt miljø med gode arbeidsforhold og erfarne medarbeidarar. Det er låg terskel for å drøfte problemstillingar med kollegar. 4 av 6 legar er spesialistar i allmennmedisin. Me har LIS1-lege halve året.
Jæren legesenter har god drift, som legg til rette for god inntening for den enkelte fastlege på næringsinntekt.
Legesenteret bruker Pridok journalsystem (web-basert) og har moderne lab og skiftestove.
No vert det opprette ein ny fastlegeavtale, som sjuande fastlegeavtale ved senteret. Lista vert oppretta som ei 0-liste med opptrapping etter nærmere avtale.
Ved tildeling av fastlegeavtale vil ein leggje stor vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.
Kommunen legg til rette for spesialisering i allmennmedisin med rettleiar og deltaking i ALIS tilskotsordning, forskutterer basistilskudd opp til 700 pasienter for 0-lister som er åpne/under oppbygging, og stiller og med etableringstilskot for nye legar.
Dei økonomiske vilkåra knytta til praksisen vert avtalt direkte med Jæren legesenter.
Har du spørsmål til stillinga kan du kontakta dagleg leiar Tore Michelsen ved Jæren legesenter på tlf 92092245 eller kommuneoverlege Pernille Hegre Sørensen på tlf 48896720.
Arbeidsoppgåver
Fastlegearbeid
Deltaking i interkommunal legevakt med Time kommune, lokalisert i Klepp sentrum, på ettermiddag/kveld og helg, og med Hå og Time kommunar lokalisert på Bekkeheien i Hå kommune kl 22.30-08.
Offentlege oppgåver kan bli pålagt med inntil 7,5 t/veke. Det er pr idag ikkje planlagt knytt andre kommunale oppgåver/bistillingar til denne fastlegeavtalen, men det kan vera aktuelt om søkjar skulle ønskje.
Kvalifikasjonar
Full autorisasjon og refusjonsrett som lege.
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
Ved tildeling av fastlegeavtale vil ein leggje stor vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.
Det er krav om politiattest nyare enn 3 mnd før tiltreding.
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Motivasjon for å jobbe med allmennmedisin.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.Gode evner til å arbeida strukturert og sjølvstendig.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Ved tildeling av fastlegeavtale vil ein leggje stor vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr
Fastlegeavtalen vert oppretta som ei 0-liste med opptrapping etter nærmere avtale.
Lege i spesialisering går inn i ALIS næring-ordninga, med dei tilskotsordningar som gjeld der.
Kommunen legg til rette for spesialisering i allmennmedisin med rettleiar og deltaking i ALIS tilskotsordning, forskutterer basistilskudd opp til 700 pasienter for 0-lister som er åpne/under oppbygging, og stiller med etableringstilskot for nye legar.
FerdigheterAI-generert
- Legetjeneste
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kjøpmannsbrotet 5, 4351 Kleppe
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Allmennmedisin, Lege, LIS
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fastlege, Allmennmedisin lege, Spesialist lege
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445767657
- Sist endret


