Journalist
Bondevennen
- Frist 25.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Landbruksfagleg person med skrivelyst og formidlingsevne
Ønskjer du å setta namnet ditt på landbruksjournalistikken i Norge?
Er du klar for å kvessa pennen og skriva om alt frå jord - via fjøset - til bord? Bondevennen søkjer ein landbruksfagleg person med god formidlingsevne. Vi vil gjerne høyra frå deg!
Om oss
Bondevennen har ein liten redaksjon med godt arbeidsmiljø. Hjå oss jobbar du i eit miljø prega av fag, engasjement og samarbeid. Her er stort rom for læring og utvikling.
Redaksjonsmedarbeidarane våre er ofte ute på reportasjereiser. I tillegg brukar vi ein del heimekontor.
Kulturen i Bondevennen og i landbruksmiljøet som vi skriv om og for er prega av fagterminologi, historie, tradisjon og nettverk. Kjennskap til dette er nyttig i arbeidet.
Kva vil du gjera i Bondevennen?
Som vår journalist vil du:
- Vera særleg oppteken av husdyr- og planteproduksjon
- Dekka Bondevennen sitt område fra Agder til Nord-Vestlandet
- Skriva artiklar, reportasjar, kommentarar og analysar
- Følgja Ver varsam-plakaten og vera opptatt av god presseskikk
- Levera stoff til redigering og korrektur i god tid før deadline
- Halda deg oppdatert innan jordbruksfaglege tema og i samfunnsdebatten
- Utvikla idear til nye saker og samarbeida med kollegaer for å skapa aktuelt og engasjerande innhald
- Bidra til anna redaksjonelt arbeid som småsaker og korrekturlesing
- Disponera eigen bil
Kvifor vil du jobba hjå oss?
- Konkurransedyktige vilkår: Vi tilbyr gode forsikrings- og pensjonsordningar som gir tryggleik
- Fleksibilitet og sjølvstende: Du styrer din egen arbeidsdag og har rom for å påverka utforminga av bladet
- Utvikling: Vi vektlegg fagleg og journalistisk kompetanseutvikling, slik at du som arbeidstakar får utvikla deg i jobben
- Variasjon: Arbeidet i Bondevennen er mangfaldig og gir deg spanande utfordringar
Oppstart: Etter avtale
Søknadsfrist: 25. januar 2026
FerdigheterAI-generert
- Agronomi
- Forfatte artikler
- Husdyrhold
- Kjøre
- Korrekturlesing
- Kunnskap om landbruksnæringen
- Skrive kommentarer
- Tekstredigeringsferdigheter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Bondevennen gir årleg ut 22 utgåver, i papir og på nett. Opplaget er på 4000. Vi publiserer også jamleg nye episodar av Bondevennens podcast med fagleg, sosialt og landbrukspolitisk innhald.
Bondevennen er eit AS som er eigd av Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA). Redaksjonen har fem tilsette og er samlokalisert med hovudkontoret til FKRA i Stavanger.
- Sektor: Privat
- Sted: Sandvikveien 21, 4023 Stavanger
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Matvareproduksjon og -industri, Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Dokumentasjon, Journalist
Nøkkelord
Landbruk, Fagblad, Matproduksjon, Bærekraft, Formidling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445761177
- Sist endret