Flåmsbana AS søker stasjonsmedarbeidar for sesongarbeid 2026
Flåmsbana AS
- Frist 1.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ynskjer du ein spanande og lærerik sommarjobb? Då har vi jobben for deg!
Vi på Flåmsbana er på jakt etter stasjonsmedarbeidar for sesongarbeid hjå oss sommaren 2026.
Stasjonsmedarbeidar held stasjonsområdet reint og ryddig, bistår på plattform ved togets ankomst/avgang. Gods og syklar skal lastast av og på toget. Dirigering og rettleiing av bussar er også ein del av stillinga.
For deg som vil vera utandørs og i fysisk aktivitet, er dette ein passande sommarjobb for både unge og vaksne.
Vi ser etter personar som står på, er serviceinnstilt og som trivst med eit høgt arbeidstempo. Om du kunne tenkje deg å jobbe i eit uformelt internasjonalt arbeidsmiljø, og bidra til å skape fantastiske reiseopplevingar for våre gjester, så er ein sommarjobb hjå oss noko for deg.
Vi treng to stasjonsmedarbeidarar i (eller deler av) tidsrommet 1. mai - 11.10.2026
Skriv ein kortfatta søknad på e-post, der det går fram kva stilling du søker på, tidsrom som er aktuelt å jobbe i perioden mai - oktober, samt om du har behov for losji i Flåm under arbeidsperioden. Flåmsbana kan vera behjelpeleg med dette, men eigen bustad er ein fordel.
Søknad og CV sendast til jobbsoknad@flamsbana.no
Intervju og tilsettingar skjer fortløpande.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445231123
- Sist endret