Flåmsbana søker hyggelege turistvertar for sesongarbeid 2026
Flåmsbana AS
- Frist 1.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ynskjer du ein spanande og lærerik sommarjobb? Då har me jobben for deg!
Me på Flåmsbana er på jakt etter hyggelege turistvertar for sesongarbeid hjå oss sommaren 2026.
Turistvertane er våre ansikt utad mot gjestene. Dei ynskjer velkomen ved ombordstiging i Flåm og på Myrdal, og reiser med toget. Det må guidast og organiserast. Ein perfekt jobb for deg som er utadvendt og løysningsorientert.
Me ser etter personar som står på, er serviceinnstilt og som trivst med eit høgt arbeidstempo. Om du kunne tenkje deg å jobbe i eit uformelt internasjonalt arbeidsmiljø, og bidra til å skape fantastiske reiseopplevingar for våre gjester, så er ein sommarjobb hjå oss noko for deg.
Me treng folk i heile (eller deler av) tidsrommet 1.april - 31. oktober.
Skriv ein kortfatta søknad på e-post, der det går fram kva stilling du søker på, tidsrom som er aktuelt å jobbe i perioden april - oktober, samt om du har behov for losji i Flåm under arbeidsperioden. Flåmsbana AS kan vera behjelpeleg med dette, men eigen bustad er ein fordel.
Søknad og CV sendast til jobbsoknad@flamsbana.no
Intervju og tilsettingar skjer fortløpande.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445230797
- Sist endret