Ferievikar Felleskjøkkenet
Omsorg og sjukeheim
- Frist 1.4.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vi tilbyr spanande sommarjobb! Frå 22.6.25 til 9.8.2026 har vi ledige stillingar, inntil 100 %, som ferievikar som kjøkkenassistent ved Ørstaheimen, Vartdal Helsetun og Hjørundfjordheimen. Vi treng også ferievikar til matbilen som køyrer ut mat til heimebuande. Tilsetting vert gjort fortløpande.
Vi ber deg skrive litt om deg sjølv i søknaden, når i perioden du kan arbeide og kva avdeling du ynskjer å jobbe ved; Vartdal helsetun, Hjørundfjordheimen, Ørstaheimen, eller som sjåfør til matbilen.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
Som tilsett på Felleskjøkkenet er oppgåva å lage mat til institusjonen og heimebuande som får mat tilkøyrt gjennom matombringingstenesta. Ved felleskjøkkenet treng vi også ferievikar til matbilen som køyrer ut mat til heimebuande.
Kvalifikasjonar
- Til fellesvaskeriet søkjer deg som likar arbeid der du får brukt kroppen din og som er serviceinnstilt og løysingsorientert.
- Til felleskjøkkenet søkjer vi deg som er interessert i matlaging, trivast saman med eldre.
- Beherskar norsk munnleg godt.
- Ynskje om at du har relevant praksis /erfaring
- Førarkort kl. B til matombringingstenesta
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har ordenssans
- Du er engasjert og har godt humør
- Du ynskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til brukerane våre
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du møter mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet. Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Informasjon til søkjaren:
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Kontaktinformasjon
Silje Solhaug, Avd.leiar Felleskjøkkenet, 486 59 833, silje.solhaug@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 78
6150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5058113936
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Startdato: 15.06.2026
Sluttdato: 09.08.2026
Søknadsfrist: 01.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445225080
- Sist endret



