Klinikkleiar ved Kristiansund kompetanseklinikk
Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 8.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søker ein tydeleg og engasjert leiar med gode samarbeidsevner til Kristiansund kompetanseklinikk.
Arbeidsoppgåver
Som klinikkleiar får du ansvar for drift og utvikling av klinikken, med personal-, HMS- og fagansvar. Du skal motivere og leie eit breitt samansett tannhelsefagleg miljø, sikre godt samarbeid internt og eksternt, og bidra til ei framtidsretta tannhelseteneste i tråd med samfunnsoppdraget.
Vi tilbyr ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, med gode høve for fagleg utvikling. Stillinga kombinerast med klinisk verksemd.
Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum. Klinikken har f.t. 8 tannlegar, 3 tannpleiarar, 6 tannhelsesekretærar og 4 assistentar, samt spesialist i oralkirurgi.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som tannlege er ønskeleg.
- Klinisk erfaring og gode faglege kunnskapar om behandlingsprinsipp og førebygging.
- God forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetsutvikling og pasientsikkerheit.
- Ønskeleg med relevant leiarerfaring.
- God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg.
- Digital kompetanse og tilpassingsevne i møte med nye teknologiske løysingar og arbeidsprosessar.
Personlege eigenskapar
- Du er ein løysingsorientert teambyggar med evne til å leie, motivere og bygge tillit.
- Du er resultatorientert, strukturert og med evne til strategisk og langsiktig tenking.
- Du har endringsvilje, er utviklingsorientert og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Gode høve for fagleg utvikling, både odontologisk og innanfor leiing.
- Lønn etter avtale.
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse.
- Trivelege medarbeidarar.
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP.
Kontaktinformasjon
Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
Arbeidsstad
Fosnagata 126509 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5060185324
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444797737
- Sist endret

