Me er på jakt etter dyktige lærarar!
Time kommune
- Frist 21.01.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Me er på jakt etter dyktige lærarar!
På Rosseland skule er me opptatt av å spela på lag og gjera kvarandre gode. Hos oss er både elevar og tilsette på landslaget - Rosselandslaget!
Saman skapar me den gode skulen, der målsettinga er at kvart barn skal ha framgang i si læring og utvikling. For å få dette til, er me på jakt etter deg som likar å spela på lag, og som kan sjå og møta den enkelte eleven eller tilsette som ein aktiv medspelar. Kanskje er du open for ein "overgang" til oss på Rosselandslaget? Kanskje har du gjort noko anna enn å jobba i skulen ei stund, men lengtar tilbake til det pulserande livet på ein moderne og stor barneskule? Kanskje er du på flyttefot til Jæren, eller Sør-Rogaland? Kanskje er du ein nyutdanna og framoverlent person som er på jakt etter draumejobben?
Me er opptatt av å få tak i kvalifiserte lærarar til alle stillingane. Me har eit ungt personale, og no er det fleire som ventar "smått"!
Difor leiter me etter deg med godkjent lærarutdanning, som har lyst til å bli med oss på Rosselandslaget.
Me har ledig 2 lærarstillingar i 100%. Stillingane har startdato 01.03.2026. I utgangspunktet er stillingane vikariat fram til sommaren 2026, men det er mogleg å få faste stillingar frå 01.08.2026 ved å søkja på Time kommune si fellesutlysning.
Rosseland skule er ein stor barneskule som ligg sentralt plassert i Bryne. Skulen har 554 elevar skuleåret 2025-26, og 80 tilsette i skule og SFO. Me kan tilby eit flott skulebygg. Skulen er ein del av "Jærskulen", og me ønskjer derfor å fornya oss, og vera i front av den generelle skuleutviklinga, både lokalt og nasjonalt. Skulen er praksisskule for lærarstudentar frå UIS.
Me arbeider kvar dag for at barnet skal bli møtt og sett, og oppleva meistring aleine og saman med andre på laget vårt.
Me er opptekne av at alle elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Me er sertifiserte som Olweusskule og jobbar aktivt med "Laget rundt læraren og eleven", som er eit tverrfagleg samarbeid med blant anna PPT og helsesjukepleiar.
Arbeidsoppgåver
Lærar 1: Faglærar eller kontaktlærar på småskuletrinnet
Lærar 2: Faglærar eller kontaktlærar på småskuletrinnet
Fokuset i alt me gjer:
Korleis fører arbeidet vårt til framgang i læring og utvikling for det enkelte barnet? Me fokuserer spesielt på lesing og elevmedverknad.
Kvalifikasjonar
Godkjent allmennlærarutdanning, GLU 1-7/MGLU1-7, med godkjent kompetanse i norsk, matematikk eller engelsk.
Vidareutdanning i spes.ped er ønskeleg,
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunna bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunna arbeida sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må lika utfordringar, vera engasjert, løysingsorientert og kunna trekka slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyr
- Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
- Lønn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
FerdigheterAI-generert
- Matematikk
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Dronning Mauds gate 3, 4340 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Spesialpedagog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lærer, Skule, oppvekst, vikariat, barn
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444648315
- Sist endret
