Prosjektmedarbeider og produsent
FOLKORG - ORGANISASJON FOR FOLKEMUSIKK OG FOLKEDANS
- Frist 26.1.2026
- Ansettelsesform Fast
FolkOrg søker prosjektmedarbeider og produsent i 50% stilling
Vil du jobbe i ein organisasjon som skapar blest og engasjement for folkemusikk og folkedans? Vil du vere med på laget for å utvikle og drifte ulike prosjekt i organisasjonen?
Vi byr på ei spennande og variert stilling for deg som er oppteken av folkemusikk og folkedans.
FolkOrg søkjer ein engasjert og handlekraftig prosjektmedarbeidar til å arbeide med varierte oppgåver i organisasjonen. Vedkommande får ansvaret for å drifte og bidra i ulike av FolkOrgs prosjekt.
Arbeidet vil gå føre seg i tett samarbeid med dei andre tilsette i organisasjonen.
Døme på oppgåver i stillinga:
Ansvar og varierte arbeidsoppgåver, planleggings- og koordineringsarbeid knytt til ulike prosjekt i organisasjonen
Handsaming av tilskotsordningar i organisasjonen
Produsent og koordineringsarbeid på Folkelarm i tett samarbeid med prosjektleiar
Generelt SoMe-, marknadsføring- og pressearbeid
Medlemskontakt
Ønska kvalifikasjonar:
Høgare utdanning innan folkemusikk/Folkedans, kulturleiing eller organisasjonsarbeid.
Kjennskap til folkemusikk- og folkedansfeltet.
Erfaring frå folkemusikk- og folkedansfeltet, enten på det friviljuge eller profesjonelle planet.
Prosjektleiing og prosjektdrifting.
Ein god penn og godt språk - både på nynorsk og bokmål. Må også vere trygg i engelsk.
Evne til informasjonsstrategisk tenking og sjølvstendig arbeid.
Kompetanse og erfaring frå publisering og sosiale medium.
God evne til dialog med folk i det friviljuge feltet.
Kompetanse på grafisk formgjeving og t.d. bruk av Canva, inDesign osb.
Anna info:
Arbeidsstad er på FolkOrg sitt kontor i Møllergata 39 i Oslo.
Løn etter avtale. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonen sin pensjonsavtale.
Næraste overordna er dagleg leiar. Ein må rekne med noko ugunstig arbeidstid knytt til somme arrangement iløpet av året, t.d. landsmøte, Folkelarm, Landskappleiken og Landsfestivalen.
I tråd med utvikling i organisasjon og administrasjon kan det kome justeringar i ansvarsområdet for stillinga.
Ferdigheter
- Følge opp tildelte tilskudd
- Holde orden i papirer
- Prosjektledelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans har som sitt føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet. Vi har i dag om lag 5000 enkeltmedlemmer, og om lag 160 lokale og regionale spel- og danselag. FolkOrg forvaltar Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, og arrangerer Folkelarm årleg. FolkOrg forvaltar fleire tilskotsordningar.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Møllergata 39, 0179 Oslo
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Ideelle organisasjoner, Kunst og kultur, Musikk
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kultur og museum, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
folkemusikk, prosjektmedarbeider, produsent, organisasjon, folkedans
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444645105
- Sist endret


