Sesongmannskap til turistruta på Geirangerfjorden!
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 31.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Drøymar du om ein jobb til sjøs i Noregs vakraste fjord? No har du sjansen!
Vi søkjer overstyrmenn, maskinsjefar, matrosar og cateringmedarbeidarar til fartøya MF Bolsøy og MF Veøy. Ferjene trafikkerer den storslåtte Geirangerfjorden – ein verdsarvfjord kjend for majestetiske fjell og imponerande fossefall.
Behovet er i perioden 1. april til 31. oktober, med turnusordning på 2 veker i arbeid og 2 veker fri - perfekt for deg som ønskjer ein god balanse mellom jobb og fritid. Vi ser etter deg som kan jobbe delar av eller heile perioden – oppgjev i søknaden når du ønskjer å arbeide.
Som ein del av mannskapet har du ei nøkkelrolle i å sikre trygg og profesjonell drift – samtidig som du bidreg til å skape minneverdige opplevingar for reisande frå heile verda. Her får du ein sesongjobb som kombinerer faglege utfordringar, varierte arbeidsoppgåver, naturopplevingar i verdsklasse og eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
Etter endt engasjement har du moglegheit til å søkje fast stilling - vi har fleire spennande behov og karrieremoglegheiter på andre samband og fartøy.
Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene følgjer gjeldande stillingsinstruks for den aktuelle rolla.
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat for overstyrmenn
- Minimum M3-sertifikat for maskinsjef
- For matros , nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som matros
- Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhåndteringskurs
- Gyldig helseattest
Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Fokus på gode kundeopplevingar
- Godt humør
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Evne til å jobbe sjølvstendig, ta ansvar og takle hektiske arbeidsdager
- God kommunikasjonsevne
- Fordel å beherske engelsk språk
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst
- Skiftordning 2 veker på, 2 veker av
- Ein bur om bord i arbeidsperioden
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spennande arbeidsoppgåver.
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
6216 Geiranger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5056535843
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 31.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444633088
- Sist endret

