Tannpleiar
Sogndal klinikkområde, Vestland fylkeskommune
- Frist 13.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vestland tannhelseteneste - Gaupne tannklinikk har ei ledig fast stilling som tannpleiar med startdato etter avtale.
Til stillinga ligg det eit rekrutteringstillegg på kr. 20 000 årleg som kjem i tillegg til vanleg lønn.
Gaupne er ein tettstad med ca. 1200 innbyggjarar, og er administrasjonssenteret i Luster kommune. Staden er omgitt av fjell og fjordar, og ligg i nærleiken av Jostedalsbreen, Sognefjellet, Jotunheimen og Urnes stavkyrkje, som er blant mange turistmål. Dei har eige badeland, idrettshall og kjøpesenter, og er ein rik kraftkommune. Frå Gaupne til Sogndal tar det ca. 30 minutt å køyre med bil. Gaupne tannklinikk ligg under Sogndal klinikkområde, og er ein klinikk for 2 tannlegar, 1 tannpleiar og 2 tannhelsesekretærar. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Arbeidsoppgåver
Som tannpleiar hos oss vil du mellom anna:
- jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
- utføre klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar
- halde deg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste - deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drifta av klinikken.
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som tannpleiar
- Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg
- Du som blir tilsett må ha godkjend politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først
- kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
- er ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- arbeider systematisk og planmessig
- har interesse for fagleg utvikling – og deler gjerne kunnskapen din med andre.
Vi tilbyr
- ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- løn etter gjeldande tariff
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Dorte Grønsberg, klinikkleiar (tannlege), +47 95204759Arbeidsstad
Øyagata 12A6868 Gaupne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5059868494
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444596209
- Sist endret
