
Helsefagarbeidar ved Hauge omsorgsbustad
Osterøy kommune
- Frist 25.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Bli med på laget! Vi søkjer fast Helsefagarbeidar i 100% stilling ved Hauge omsorgsbustad!
Om stillinga
Me har ledig fast 100% stilling som helsefagarbeidar i Heimetenesta avd. Hauge omsorgsbustad frå 02.03.26
Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Helsefagarbeidarar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og brukarar.
Den ledige stillinga har todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak
- Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning
- Legemiddelhandtering
- Primærkontaktansvar
- Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
- Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Veiledning av elevar og lærlingar i avdelinga
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonskrav
- Krav om autorisasjon som helsefagarbeidar, fint om du oppgir HPR nummer i søknaden
- Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (Me nyttar Profil som dokumentasjonsprogram)
- Førarkort klasse B
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd
Vi tilbyr
- God opplæring
- Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
- Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter tariff
- Gode pensjonsvillkår
- Ei av Noregs vakraste øyer som arbeidsstad
Kven er du?
- Du er strukturert og har god gjennomføringsevne
- Du er engasjert og likar å samarbeida med andre
- Du har stå på vilje med glimt i augo
Du er løysingsorientert og ikkje redd for å ta i eit tak
Du har god digital kompetanse og er komfortabel med nye verktøy
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Digitale ferdigheter
- Dokumentasjon
- Kvalitetssikring
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukere i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta.
Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Osterøytunet 3, 5282 Lonevåg
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Eldreomsorg, Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444595052
- Sist endret
