Sjukepleiar
KIRURGISKE POLIKLINIKKER SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 12.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi treng fleire engasjerte sjukepleiarar i ein stadig veksande seksjon med fokus på høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø!
Kirurgisk avdeling ved klinikk SNR har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar i ei spennande og unik stilling. Stillinga er 60 % på kirurgisk poliklinikk og 40 % på kirurgisk sengepost som inneber arbeid på helg. Her får du følgje pasientar frå dei blir henvist til utredning og til dei er ferdig behandla.
Etter at vi har flytta inn i nytt og moderne sjukehusbygg, ligg alt til rette for at vi får yte effektiv og god pasientbehandling.
Som sjukepleiar på vår poliklinikk blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeidar i team med andre faggrupper. Vi behandlar pasientar henvist frå fastlege og andre instansar for vurdering og behandling innan kirurgi, urologi, ortopedi, gastro, plastikk og gynekologi. Vi utfører mindre kirurgiske inngrep, har kontrollar og oppfølging av pasientar. I tillegg har vi sjukepleiarar med spisskompetanse innan stomioppfølging, sårbehandling og urologi, som gjennomfører eigne polikliniske konsultasjonar. Ved sengeposten får du samme pasientgrupper som du har på poliklinikken, og i fleire tilfelle får du følgje pasientane gjennom dei ulike forløpa.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon.
Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje!
Tilsetting snarast etter avtale med leiar.
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Assistere legar i undersøkingar og behandling av pasientar
- Sjølvstendig sjukepleiarpoliklinikk
- Dokumentasjon
- Legemiddelhandtering
- Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere pleie i forhold til pasientar
- Pre og postoperativ pleie
- Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit
- Kontinuerlig forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Erfaring fra kirurgiske fag er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel
- Du er ansvarsbevisst
- Du er engasjert og lærevillig
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
- Du må trivast i eit aktivt og hektisk miljø
Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ida Gule, Seksjonsleiar, +47 95940303, Ida.Gule@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5055130876
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.02.2026
Sluttdato: 31.01.2027
Søknadsfrist: 12.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 443562933
- Sist endret
