ID 2407 Sjukepleiarar - Sunnhordland interkommunale legevakt
Sunnhordland interkommunale legevakt SIL og døgnavdeling IDA
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Søkjer du ein interessant jobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss.
Dine oppgåver vil m.a. vera å utføre sjukepleieoppgåver og andre avtalte oppgåver knytt til avdelingane i samarbeid med kollegaer og leiing. Hovudfunksjonen vil vera å yta gode faglege, vegleiande og omsorgsmessige tenester til dei pasientar som tek kontakt med legevakta eller er inneliggjande i døgnavdeling IDA.
Døgnavdelinga IDA ligg i 2.etasje og har 9 einmannsrom. 4 rom er knytt opp mot øyeblikkeleg hjelp senger , 5 rom er knytt opp mot observasjonssenger
På døgnavdeling yt ein behandling etter ålmennmedisinske metodar.
Det er ledige stillingar for sjukepleiarar på Døgnavdeling IDA:
1. 70% fast stilling i todelt turnus. Arbeid hver tredje helg. Ledig frå snarast.
2. 80 % vikariat i todelt turnus. Arbeid hver tredje helg. Ledig frå snarast til 20.september 2026.
Oppi i søknaden kva stilling-/ar du søkjer på.
Kompetanse og personlege eigenskapar hos søkjar:
-
Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
-
Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
-
Har gode datakunnskaper.
-
Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig og i team.
-
Evne til å meistre eit høgt arbeidspress.
-
Fleksibilitet.
-
Evne til å bidra til godt samarbeid innan eiga avdeling og i organisasjonen generelt.
-
Evne til å samarbeida tverrfagleg.
-
Evne til å etablere god kommunikasjon og tillit.
-
Gyldig politiattest må fremlegges ved tiltredelse.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Me tilbyr:
-
Løn etter tariffavtale
-
Utvikling av eit fagmiljø med trivelege arbeidskollegaer der du kan vera med å påverka og utforme avdelinga.
-
Kurs i akuttmedisin og volds- og overgrepshandsaming
-
Ei heilt ny avdeling med flotte lokalar og med spanande utfordringar.
-
Internundervisning
-
Pensjonsordning gjennom KLP
-
Bedriftshelseteneste
-
Medlemskap i Stord ve og vel
Avdelingsleiar døgnavdeling IDA: Ingvild Boga på telefon 91727837 eller send e-post til ingvild.boga@stord.kommune.no
Dagleg leiar: Agata Kapuscinska på telefon 40729263 eller send e-post til agata.barbara.kapuscinska@stord.kommune.no
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 443022255
- Sist endret

