Sjøvakt 2:4 - maskinsjef/ maskinist i region Vestland
Fjord1 - Maritim Drift
- Frist 1.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Fjord1 planlegg å endre turnus på fleire samband til Sjøvakt 1:2 og 2:4. I samband med denne endringa søkjer vi no maskinsjefar og 1. maskinistar som ønskjer å vere med på den nye ordninga.
Som maskinsjef eller maskinist får du ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Dagen om bord er variert og du får brukt den tekniske kompetansen og erfaringa di i praksis, samstundes som du får høve til å utvikla deg vidare i eit fagmiljø med høg kvalitet.
Fleire av ferjene har batteri som hovudenergikjelde for framdrift. Dei batteridrivne fartøya er stillegåande, moderne og representerer det nyaste innan teknologi. Dette er ein viktig del av satsinga vår på å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
I denne ordninga jobbar du anten ei veke og har to veker fri, eller to veker og har fire veker fri. Du bur om bord i arbeidsperioden, og reise til og frå arbeidsstaden blir dekka. Endringa av turnusen gir nye moglegheiter for fleksibilitet og gode arbeidsvilkår.
Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.
Arbeidsoppgåver maskinsjef
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Arbeidsoppgåver 1.maskinist
Samarbeida med maskinsjef om daglege driftsrutinar for teknisk utstyr. Du vil ha ei oppfølgings rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Samarbeida med maskinsjefen om drift slik at fartøyet driftast i tråd med lovar og forskrifter.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat.
- Høgspentkurs.
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseerklæring.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi ser etter erfarene og dyktig maskinister som er
ansvarsbevisste, pålitelig og tilpassingsdyktige. Du må ha gode samarbeidsevner,
høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag
der endringar kan oppstå.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
- Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
- Sjøvvakt, 1 veke på og 2 veker av eller 2 veker på og 4 veker av
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
5006 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5055418388
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442959872
- Sist endret
