Vil du være med å skape hverdagsmagi?
Storebø FUS barnehage as
- Frist 13.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
I FUS har vi store ambisjonar – vi ønskjer å bli best på barnehage! Vi trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og vi søkjer ein engasjert assistent/fagarbeidar som vil vere med på denne reisa.
Er du engasjert? Tar du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søker du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?
Er du reflektert? Er du medviten om di vaksenrolle og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapsperspektiv og finn løysingar på utfordringar?
Ja? Då er du kanskje den vi ser etter!
Storebø FUS barnehage er ein base barnehage med ca 75 plassar. Me ligg i nærleiken av butikk, ASV og ungdomsskulen. Hovudfokuset vårt er på leik og relasjonar. Målet vårt er å skapa ein trygg kvardag fylt av leik, glede og utviklingsmoglegheitar for barna. I barnehagen vår er det trygge tilsette med god kompetanse, glød og engasjement som ser barna og byggjer vidare på innspela deira. Me treng ein dyktig medarbeider for et deltids vikariat ut barnehageåret (02.03.26-03.07.26) med moglegheit for forlenging.
Vi tilbyr:
- Ein variert og aktiv kvardag
- Moglegheit for å bidra med eigne relevante ferdigheiter eller interesser
- Moglegheit for å bidra til vidare utvikling av barnehagen
- Moglegheita for å bli ein del av ein kjede med stort fagleg fokus
- Godt samarbeid med andre FUS-barnehagar i eit av Noregs største private barnehagenettverk
- Gode løns- og pensjonsvilkår
- Eigne FUS-klær
Arbeidsoppgåver:
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering og evaluering av det pedagogiske arbeidet
- Bidra til å sørgje for den heilskaplege omsorga av det enkelte barnet og barnegruppa
- Bidra til å utvikle det fysiske og psykososiale barnehagemiljøet
Vi ønskjer at du:
- Er samarbeidsvillig og kan løyse utfordringar saman med andre
- Er tilpassingsdyktig – du trivst i ein variert kvardag, er fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, foreldre og kollegaer
- Er påliteleg og ansvarsmedviten
Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidrar til eit inkluderande fellesskap.
Tilsetjinga føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442903064
- Sist endret

