Ferievikar Butenesta 2026
Tenesteområde Butenester, Haram kommune
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Har du lyst på ein spanande og meiningsfylt jobb i sommarferien? Vi kan tilby gode bonusordningar for ferievikarar. Frå ca. 15. juni og fram til ca. 31. august treng vi sommarvikarar for å gje praktisk/personleg bistand til tenestemottakarar i Butenesta Haram.
Vi har behov for dyktige og motiverte ferievikarer sommaren 2026 og søkjer deg som er nyutdanna, framleis under utdanning, eller som rett og slett vil bli kjent med eit nytt yrke. Kompetansen vi har behov for er sjukepleiar, vernepleiar, miljøterapeut, helsefagarbeidar og assistentar. Du vil få nødvendig opplæring.
Det er også mogleg å vere tilkallingsvikar i forkant av ferieavviklinga, dersom vi får søknaden tidleg nok. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Vi har behov for ferievikarar i:
- Barnebustad og barneavlastning- Arbeidsstad Vatne
- Solbakken bukollektiv- Arbeidsstad Vatne
- Haram bustader 1- Arbeidsstad Brattvåg
- Haram bustader 2- Arbeidsstad Brattvåg
Har du ein preferanse om arbeidsstad, oppgi dette i søknaden.
Om oss:
Haram bustader yter i hovudsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på å levere gode tenester med høg kvalitet, fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN.
Oppbygging av Haram bustader:
Haram bustader består av tre avdelingar: Haram bustader 1 som består av bustader, Haram bustader 2 som består av bustader og Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning.
I Haram bustader jobbar du i team med miljøterapeutar, vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fagarbeidarar og assistentar.
Haram kommune:
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Yte hjelp til tenestemottakar når det trengs.
- Skape gode aktivitetar saman med tenestemottakarar.
- Motivere og rettleie tenestemottakar.
- Dokumentasjon.
- Skape gode og trygge relasjonar.
- Legemiddelhandtering - kurs og opplæring vil bli gitt.
- Samarbeide og skape eit positivt miljø.
Kvalifikasjonar
- Du må helst vere fylt 18 år, men søkjarar frå 17 år og oppover kan vurderast.
- Politiattest er eit krav.
- Førarkort kl B.
Personlege eigenskapar
- Arbeidsvillig, engasjert og positiv.
- Løysingsorientert.
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Du er fleksibel, lojal og likar å jobbe med menneske.
- Du evner å bygge gode relasjonar med andre menneske
Vi tilbyr
- Løn etter tariff.
- Eit kjekt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Ulike nettkurs før oppstart.
- Moglegheit for vidare arbeidsavtale etter ferieavviklinga.
- Studentar med helse og sosialfagleg utdanning som har avslutta og bestått 4.semester blir tilsett som assistent, men løna som fagarbeidar.
- Arbeid i turnus, også langvakter.
- Sommarvikarar som arbeider meir enn seks veker i sommarturnus, får 5000 kroner per ekstra veke (veke 7 og 8). Det er krav om at den tilsette i snitt arbeider minst 80% stilling i heile den perioden hen har avtalt å vere ein del av sommarturnusen. Dersom fråvær medfører at stillingsprosenten fell under 80%, vert bonusen ikkje utbetalt.
Kontaktinformasjon
Amanda Kristin Rise, Avdelingsleiar Barnebustad, 91161215, Amanda.Kristin.Rise@haram.kommune.noSusanne Snipsøyr, Avdelingsleiar Haram bustader 1, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Brattvåggata 196270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5053778884
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442902789
- Sist endret
