Ferievikariat ved Vågå helsesenter!
Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Legekontoret ved Vågå helsesenter søkjer etter ferievikar i perioden 23. juni -- 17. august 2026 i 100% stilling. Vi tilbyr bonus ved fullført ferievikariat!
Kvifor velje oss?
· Interessant arbeid, og eit ferievikariat det ikkje finst så mange av
· God opplæring og støtte frå dyktige kollegaer.
· Varierte oppgåver og eit inkluderande arbeidsmiljø.
· Bonusordning etter fullført vikariat.
· Bur du ikkje i området? Sei frå så sett vi deg i kontakt med moglege overnattingsmoglegheiter.
· Ordna arbeidstid og gode vilkår etter gjeldande tariffavtale.
Legekontoret ved Vågå helsesenter:
Legekontoret består i dag av 5 fastlegar og 1 LiS1 lege, bioingeniør, sjukepleiar og helsesekretærar
Din rolle er variert med både helsefaglege og administrative oppgåver.
Arbeidsoppgåver:
· Pasientmottak i luke og på telefon
· Timeavtaler og logistikkarbeid
· Journalføring og dokumentasjon
· Vi nytter Infodoc som journalsystem
Hovudoppgåvene er klinisk retta mot legetenesta, men det blir også gjeve skranketeneste for helsestasjonstenesta, jordmor, fysio/ergoterapiteneste og Rus og psykisk helseteneste
Vi ser etter deg som:
· Har fylt 18 år
· Relevant helsefagleg utdanning eller kanskje er du student innan helsefag
· Erfaring er fint, men ikkje nødvendig
· Er fleksibel, positiv og klar for å ta ansvar.
· Serviceinnstilt og kommuniserer godt på norsk, bade munnleg og skriftleg (min. B1).
· Du må kunne jobbe sjølvstendig, men også i team.
· Har plettfri vandel og kan levere politiattest.
Ønskjer om eventuelle fridagar I perioda opplysar du om I søknaden, og seinast innan 1.april.
Send oss ein søknad -- og bli med på laget!
Søknad skal sendast på elektroniske søknadsskjema .Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post tilpostmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 02.03.2026
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442867611
- Sist endret

