Vernepleiar
Osterøy kommune
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Bu- og avlastingstenesta gjev tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemmingar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjev teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Me har no ledig ei fast 100% stilling som vernepleiar ved Solplassen bustad.
Solplassen bustad gir tenester til 4 bebuarar med samansette behov. Me søkjer etter deg som liker å arbeide tett på menneske og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar. Det er også viktig at du er ein person som kan gje trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.
Det er for tida ein arbeidsplan med hovudsakeleg langvakter, nokre kortvakter og arbeid kvar 4. helg.
Arbeidsoppgåver
- Yte bistand i daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar
- Utarbeide og følgje opp planar og rutinar som skapar ein god struktur i kvardagen.
- Følgje opp vedtak etter Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Legemiddelansvar
- Legemiddelhandtering på tvers av bu- og avlastingstenesta
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
- Sikre skriftleg dokumentasjon og journalføring i henhold til gjeldande lovar og reglar
- Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
- Primærkontaktansvar
- Me jobbar aktivt med å fremje eit godt arbeidsmiljø og forventar at du vil vere ein aktiv bidragsytar her og du skal kunne forvente det same frå dine kollegaer.
Vi tilbyr
Som vernepleiar på Solplassen bustad vil du få ei fagleg utfordrande stilling og du vil kunne skape gode erfaringar frå ein viktig jobb som gjer stor skilnad for tenestemottakarane. Du vil få eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø, der me deler av vår kunnskap og arbeider aktivt for å gje eit godt tilbod til bebuarane. Du vil også delta på tverrfagleg samarbeid med andre instansar.
Me tilbyr
- Spennande utfordringar både fagleg og personleg.
- Høg etisk standard og fagleg nivå.
- Løn etter tariff og kompetanse.
- Gode pensjons og forsikringsvilkår
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert vernepleiar
- Erfaring frå arbeid med menneske med komplekse diagnosebilete
- Du bør har god forståing og kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova kap.9. og Pasient og brukarrettigheitslova kap.4.A
- Evne til å ta faglege vurderingar, gjennomføring av desse og å utvise godt skjønn
- Gode kommunikasjonsferdigheitar og samarbeidsevner
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort kl.B
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2- prøve i norsk
- Gyldig politiattest må framvisast før tiltreding
Kven er du?
- Du har ei grunnleggjande respekt for menneske og eit engasjement for brukargruppa
- Du er ein god lagspelar og bidrar aktivt til å ivareta eit godt arbeidsmiljø
- Du er trygg på deg sjølv og kan handtera uforutsette situasjonar med ro og tryggleik
- Du har ei løysingsorientert tilnærming til utfordringane i arbeidet
- Du har ei høg etisk medvetande og evne til kritisk refleksjon
- Du er lojal mot felles beslutningar
- Du har ei god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar
- Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt i rekrutteringsprosessen.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442867079
- Sist endret
