Reinhaldsoperatør
Husøkonomi avdeling, Haugesund Sjukehus
- Frist 7.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye reinhaldsoperatør?
Vi har no ledig fast stilling ved avdelinga vår.
Avdeling for husøkonomi består av reinhald, sengesentral og tekstilforsyning. Avdelinga har 42 medarbeidarar, i tillegg til vikarar. Det er ein inkluderande gjeng frå 13 ulike nasjonalitetar.
Det blir reingjort om lag 87 000 m² seks dagar i veka. Stillinga inngår i ein firevekesturnus med arbeid på dagtid, éi veke kveld og kvar fjerde laurdag.
Kva går jobben ut på?
- Sykehusreinhald og påfyll av forbruksvarar
- Periodiske reinhaldsoppgåver og møbelrens
- Maskinreinhald og vedlikehald av maskinar
- Smittereinhald etter angitt prosedyre
- Utføre reinhald og eigenkontroll etter NS Insta 800
- Bruk av digital reinhaldsplan - CleanPilot
- Andre arbeidsoppgåver som fell inn under avdeling for husøkonomi sitt ansvarsområde.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget
- Lang erfaring frå reinhald kan kompensera for utdanningskravet. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for at den ansatte kan gå opp til fagprøven innan rimeleg tid. Dette vil regulerast i ein arbeidsavtale
- Ønskelig med erfaring i smittereinhald, periodisk reinhald og vedlikehald av maskinar
- Søkjar bør kunne utføre reinhald etter kvalitetsprofilane til NS Insta 800
- Grunnleggjande IKT kompetanse
- Gode norskkunnskaper. Søker som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikke har fullført norskspråklig videregående skole, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annen norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedlegges søknaden.
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- arbeider både sjølvstendig og i team
- er positiv, åpen og imøtekomande
- har god arbeidskapasitet
- tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
Vi tilbyr
- Opplæring etter gjeldande standardar
- Mogleghet for personleg og fagleg utvikling
- God pensjonsordning, 2% pensjonstrekk. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Godt arbeidsmiljø i ein variert og travel arbeidskvardag
Kontaktinformasjon
Jarle Reinertsen, AvdelingsleiarArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5055611962
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442866993
- Sist endret