Opplæringsansvarleg Helsplattformen ved SNR
Klinisk IKT, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Prosjekt
Vi lyser no ut to spennande engasjement til vårt opplæringsteam i Klinisk IKT, avdeling for E-helse og teknologi.
Avdeling for E-helse og teknologi er motoren bak digitaliseringa i Helse Møre og Romsdal. Her arbeider vi med å utvikle og drifte moderne IT-løysingar og medisinsk teknologi som gir auka pasienttryggleik, betre arbeidsflyt og meir effektiv behandling.
Stillingane som Opplæringsansvarlege ( IKT-konsulent) har hovudansvar for å ha oversikt over arbeidsflytar i Helseplattformen for ulike faggrupper i helseføretaket, samt koordinere og gjennomføre opplæring for desse.
De vil bli ein del av HMR sitt opplæringsteam og vil i fellesskap dekke opplæring for både sjukepleiefaglege grupper og legar. Arbeidsstad vil primært vere SNR, men noko reise til andre sjukehus i Helse Møre og Romsdal må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre opplæring for sjukepleiefaglege grupper og legar i tett samarbeid med opplæringskoordinator i HMR
- Følgje opp med leiarar, fagsjukepleiarar og kontaktpersonar på avdelings- og klinikknivå for å sikre at opplæringa blir tilpassa dei ulike behova i helseføretaket
- Bidra til at helsepersonell har den nødvendige kompetansen til å bruke Helseplattformen i sitt daglege arbeid
- Delta aktivt i kvalitetssikring av fagleg innhald i opplæringsmateriell og kurs
- Stillinga krev fysisk tilstadevering i klinikk/sjukehus
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan helse, fortrinnsvis sjukepleie
- Ønskjeleg med erfaring frå opplæring og rettleiing
- Erfaring med å utvikle og tilpasse opplæringsmateriell
- Klinisk erfaring i bruk av Helseplattformen
- Pedagogiske evner og gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
- Strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
- Evne til å tilpasse opplæring etter behov og nivå
- Gode samarbeidsevner og evne til å motivere og rettleie andre
- Engasjement for fagleg kvalitet og kontinuerlig forbedring
- Løysningsorientert og fleksibel i ein dynamisk arbeidskvardag
- Relasjonsbyggjar som trivst med samarbeid på tvers av fagmiljø
Vi tilbyr
- Gode muligheter for fagleg utvikling og samarbeid med dyktige kollegaer
- Eit inkluderande og innovativt arbeidsmiljø
- Moglegheit for å påvirke eigen arbeidskvardag og arbeidsoppgaver
- Løn etter gjeldande overeinskomster
- Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Silje Johanne Farstad, Seksjonsleiar, +47 97745150, Silje.Johanne.Farstad@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5050688473
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.02.2026
Sluttdato: 31.01.2027
Søknadsfrist: 04.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442560685
- Sist endret

