Inaktiv
Avdelingsleiar Sveio legekontor
Sveio kommune
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Sommaren 2025 vedtok Sveio kommunestyre å slå saman dei 2 kommunale legekontora (Sveio legekontor og Førde legekontor) til eit felles legekontor. Me lyser difor ut etter avdelingsleiar for det felles legekontoret, med arbeidsplass på noverande Sveio legekontor. Avdelingsleiar skal foruten å syta for dagleg drift av noverande Sveio legekontor, og delta i planlegging/gjennomføring av samanslåinga av dei 2 kommunale legekontora.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg driftsansvar for Sveio legekontor og Førde legekontor, med arbeidsstad Sveio legekontor fram til samanslåing.
- Starta arbeidet med å utarbeida felles rutinar, prosedyrar og kvalitetssystem, samt ein fleksibel og hensiktsmessig ressursbruk mellom dei eksisterande legekontora med tanke på føreståande samanslåing
Kvalifikasjonar
- Relevant fag- eller høgare utdanning innan helse/sosial
- Relevant leiarerfaring og/eller erfaring frå omstillingsprosessar er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
- Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
- Fleksibel og pragmatisk
- Personleg dugleik blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442390898
- Sist endret