Vikariat som heimehjelp i 80% stilling
f.t. ved Open omsorg indre, Bremanger kommune
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledig eit vikariat som heimehjelp i 80% stilling, for tida i Open omsorg indre, frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand/reingjering hos heimebuande.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar med erfaring frå pleie og omsorg. Personar med interesse for faget, er og hjarteleg velkomne til å søkje.
Du må:
- legge fram politiattest av nyare dato
- ha førarkort for personbil klasse B
- beherske norsk godt både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar.
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar.
Serviceinnstilling og personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Svelgen Panorama 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5050740194
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 04.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442269063
- Sist endret
