Ferievikar i Miljøarbeidartenesta 2026
Helse- og velferd, Gloppen kommune
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du ute etter ein aktiv og variert sommarjobb? Vi ser etter deg som har erfaring frå arbeid innan helse og miljøarbeid, eller lurer på om dette er noko for deg. Kanskje er du sjukepleiar eller vernepleiar og kunne tenkt deg å prøve ut arbeid i døgn / medleverturnus?
Miljøarbeidertenesta yter i dag teneste til 65 brukarar med utviklingshemming, nedsett funksjonsevne, utviklingsforstyrrelsar eller psykiske lidingar. Vi har 93 årsverk fordelt på åtte avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman med mål om å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Vi har primært turnus med langvakter på over 12,5 t. Eigne nattevakter. Turnus etter medleverprinsippet for sjukepleiar og vernepleiar.
Avdeling 1 (Solsikka, Åsavegen og Furubu): Solsikka tilbyr avlastning til barn og ungdom. Avdeling Åsavegen og Furubu yter tenester til personar med utviklinghemming, utviklingsforstyrrelsar og psykisk liding i eigne heimar.
Avdeling 2 (Utsikten, Myklebusttunet og Nordåsen): Avdeling Utsikten er tilrettelagt for eldre med utviklingshemming og har eige dagaktivitetstilbod. Avdeling Nordåsen og Myklebusttunet yter tenester til menneske med utviklingshemming i eigne heimar.
Avdeling 3 (Åsateigen og Kvitveisen): I avdeling Åsateigen tilbyr ein teneste til vaksne med utviklingshemming og nedsatt funksjonsevne i eigen heim. I avdeling Kvitveisen tilbyr kommunen avlastning for barn med nedsatt funksjonsevne i kommunal avlastningsleilegheit og i privat heim.
Har du spørsmål til turnus eller stillingane? Ikkje nøl med å ta kontakt.
Vurdering av søknadane og tilsetting vil bli gjort fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Vi avviklar hovudferien i veke 26 - 33. I dette tidsrommet har vi behov for vikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidararar og assistentar. Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og søkjarar som kan jobbe frå veke 27 til 32 vert prioritert. Som ferievikar vil du få kr 6.000 i bonus dersom du arbeider seks veker samanhengande i perioden veke 26 - 33.
Arbeidsoppgåvene er varierte og består mellom anna av:
- Oppfølging av tenestemottakarar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål
- Utføre oppgåver innan miljøarbeid, pleie og omsorg utifrå opplæring og kompetanse
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter arbeidstakarar over 18 år eller som fyller 18 år i 2026.
- Du må kunne ta ansvar, jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Du må beherske norsk, både skriftleg og munnleg.
- For tilsetting i miljøarbeidartenetsa krevst det førarkort for bil på fleire av avdelingane.
Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Informasjonsmøte / fagdag for alle ferievikarar før oppstart
- Elektroniske kurs som sikrar den grunleggande kompetansen du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvene dine
- Opplæring og oppfølging på arbeidsstaden
- Moglegheit for vidare arbeid som tilkallingsvikar
- Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
#sommarjobb #sommarjobbivestKontaktinformasjon
Elise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar miljøarbeidertenesta, avd. 1, 47875932Mari Helen Kornberg, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, avd. 2, 479 90 914
Julie Kristin Lothe, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, avd. 3, 479 93 050
Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, 911 39 159
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5045974716
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442165612
- Sist endret