For deg mellom 15-17 år: Ferievikar som trivselsarbeidar
Volda kommune, Institusjonsteneste
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vi søkjer etter deg som har lyst på ein meningsfull sommarjobb! I veke 26-32 har sektor helse og omsorg behov for fleire ferievikarar som kan bidra med praktiske og sosiale oppgåver ved sjukeheimsavdelingane i Volda og Hornindal, i tillegg til Barstadtun og Fjordsyn omsorgsbustadar. Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.
Arbeidsoppgåver
- Dekke bord og førebu måltid
- Hjelpe til å servere ved måltida – rydde opp etter måltid
- Bidra til trim, song, musikk, høgtlesing og turar
- Delta på ulike aktivitetar saman med bebuerar og tilsette slik vi kan gi bebuerane ein aktiv og meiningsfylt kvardag
- Andre praktiske oppgåver som til dømes rydding av rom, fylle i skap, skifte på seng, enkle reinhaldsoppgåver
- Oppgåver som trivselsarbeidarane ikkje skal gjere: Delta i stell, toalettbesøk, mating.
Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus, det er høve til å arbeide dag, kveld og helg.
Kvalifikasjonar
Til desse stillingane ynskjer vi personar mellom 15-17 år som snakkar flytande norsk. (Ein kan søkje same år som ein fyller 15 år.)Personlege eigenskapar
Våre ferievikarar må:- Ta ansvar
- Møte presis
- Ha gode samarbeidsevner og gode haldningar
- Vere god til å kommunisere med andre
- Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.
Løn etter tariff.Kontaktinformasjon
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar HBO, 91130521, Elsebeth.melle@volda.kommune.noAnn-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 26102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5054572643
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442128426
- Sist endret


