Lege i spesialisering indremedisin
AVDELING MEDISIN ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 29.12.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for lege i spesialisering.
Vi har ledig vikariat i spesialiseringsløp innan indremedisin med tilsetjing frå snarast.
Ved intern omrokkering kan andre stillingar bli ledige.
Medisinsk avdeling er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus. Den inneheld tre sengepostar, poliklinikkar,
dialyseeining og intensivsenger. Avdelinga har alle fagseksjonar innanfor indremedisin inkludert egen
slageining. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS3 til stades heile døgnet og seksjonert bakvakt i
kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt. Seksjonen set godt arbeidsmiljø, samarbeid og høgt
fagleg nivå som viktige mål. Vi har starta med fadderordning for nye LIS og har følgevakt i starten.
Tryggleik og meistring er viktig for oss.
Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid ved poliklinikk og sengepost
- Supervisjon/rettleiing av LIS1
- Internundervisning
- Deltaking i avdelinga si vaktordning (akuttmottak)
- Utviklings- og forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
- Evne til fleksibilitet
- Gode språkkunnskapar i norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å samarbeide
- Du bidreg til innovasjon
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Jørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), 93423140, Jorn-Age.Longva@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5052692883
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 29.12.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442029423
- Sist endret
