Kulturskulerektor - 50% fast stilling
Øystre Slidre kommune
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie ein kulturskule som skapar kunst- og kulturglede for barn og unge i Øystre Slidre?
Øystre Slidre kommune søkjer ein engasjert og framoverretta rektor, som vil vere med å utvikle ein attraktiv og inkluderande kulturskule. Kulturskulen tilbyr undervisning og aktivitet i estetiske fag for barn, unge og vaksne. Vi utviklar kulturskulen i tråd med visjonen kulturskule for alle, med mål om å ha høg deltaking, og å vere ein kulturskule som vert opplevd som synleg og tilgjengeleg i heile kommunen.
Kulturskulen har om lag 110 elevar og 14 lærarar, og tilbyr opplæring og aktivitetar i musikk, dans, kunst, teater og teknisk kulturarbeid. Vår kommune har eit rikt og variert kulturliv, der kulturskulen skal ha eit tett samarbeid med skular, barnehagane og frivilligheita om å styrke og utvikle det lokale kulturtilbodet, og for å kunne gje gode kulturopplevingar til alle. Vi samarbeider og tett med dei andre kulturskulane i Valdres om felles fag og bruk av felles lærarar.
Som rektor har du ansvar for den daglege drifta og utviklinga av kulturskulen. Du har eit blikk for kvalitet i undervisninga og aktivitetane, ser samanhengar og moglegheiter, og er oppteken av møta mellom lærar og elev. Du leiar profesjonelle pedagogar og kunstnarar i det daglege, og inngår i samhandlingsteamet til kultureininga - for kulturskulen - saman med tilsette ved biblioteket, frivilligsentralen, ungdomsklubben og kultursjefen.
Stillinga kan kombinerast med undervisning i kulturskulen eller andre stillingar i kommunen, ut frå kvalifikasjonar og behov.
Stillinga er ledig frå 1. januar 2026, då noverande kulturskulerektor blir ny kultursjef. Vi ynskjer at ny kulturskulerektor kan starte i stillinga så snart som mogleg etter tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Kulturfagleg, pedagogisk og administrativ leiing av kulturskulen, herunder økonomi- og personalansvar
- Utvikling av kulturskulen sine tilbod og aktivitetar
- Informasjons- og kommunikasjonsarbeid som er relevant for kulturskulen
- Samhandling med andre kommunale og offentlege aktørar, frivillige organisasjonar, institusjonar og profesjonelle aktørar.
Andre oppgåver som bidreg til å løyse kommunen sine mål og ambisjonar innan kulturverksemda vil også kunne leggast til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig relevant høgare utdanning, helst innan kunst-/kulturfag
- Pedagogisk utdanning
- Gode leiareigenskapar og gjerne relevant leiarutdanning/erfaring
- Erfaring frå kulturskule eller anna relevant verksemd
- Søkjar må ha gode norskkunnskapar, førarkort og disponere bil
- Gyldig politiattest er eit krav
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og inkluderande leiarstil – evnar å motivere og inspirere tilsette og elevar.
- God kommunikasjonsevne – både skriftleg og munnleg, med evne til å bygge gode relasjonar.
- Strategisk og utviklingsorientert – ser moglegheiter for vekst og kvalitet i kulturskulen.
- Resultatorientert og strukturert – kan planlegge, prioritere og følge opp mål.
- Kreativ og løysningsorientert – evne til å tenkje nytt og finne gode løysingar.
- Samarbeidsvillig og relasjonssterk – byggjer nettverk og samarbeidar godt med ulike aktørar.
- Evne til å handtere endring – trygg i omstillingsprosessar og fleksibel i møte med nye utfordringar.
- Engasjert og kulturinteressert – genuin interesse for kunst og kultur som samfunnsressurs.
Vi tilbyr
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
- Stor grad av tillit, ansvar og høve for fagleg utvikling
- Høve for fleksibilitet
- Opplæring og rettleiing ved behov
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Øystein Skattebu, kultursjef, 41222840, oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5047641493
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441605689
- Sist endret